Nottinghamshire
Utsjånad
| Nottinghamshire | |||
| grevskap | |||
| Motto: SAPIENTER PROFICIENS (Framgang med visdom) | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Aust-Midlands | ||
| Areal | 2 160 km² | ||
| Folketal | 1 068 900 (2008) | ||
| Grunnlagd | Historisk | ||
| Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap | ||
![]() Nottinghamshire 53°10′00″N 1°00′00″W / 53.166666666667°N 1°W | |||
| Wikimedia Commons: Nottinghamshire | |||
Nottinghamshire (forkorta Notts) er eit grevskap i Aust-Midlands i England. Det grensar til South Yorkshire, Lincolnshire, Leicestershire og Derbyshire. Adminsitrasjonsbyen har tradisjoinelt vore Nottingham, men grevskapsrådet ligg i dag i West Bridgford, ein forstad til Stor-Nottingham.
Distrikta i Nottinghamshire er Ashfield, Bassetlaw, Broxtowe, Gedling, Mansfield, Newark and Sherwood og Rushcliffe. City of Nottingham var ein del av Nottinghamshire mellom 1974 og 1998, men er i dag ei sameint styresmakt som framleis er ein del av det historiske og seremonielle grevskapet.
Grevskapet har litt over ein million innbyggjarar. Halvparten av desse bur i storbyområdet kring Nottingham, som òg strekkjer seg inn i Derbyshire.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nottinghamshire» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2009.

