Hopp til innhald

Huddersfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Huddersfield
by
Land  England
Region West Yorkshire
Distrikt Kirklees
Folketal 162 949 (2011)
Postnummer HD1-5, HD7-8
Retningsnummer 01484
Kart
Huddersfield
53°38′42″N 1°46′47″W / 53.645°N 1.7797222222222°W / 53.645; -1.7797222222222
Wikimedia Commons: Huddersfield

Huddersfield er ein by i West Yorkshire i England, 306 km nord for London og 22,5 km vest for Wakefield, som er den næraste byen. Han er administrasjonssenter for Kirklees, som de facto er ei sameint styresmakt med kring 160 000 innbyggjarar.

Huddersfield har tradisjonelt vore kjent som ein kjøpstad, men etter at den lokale tekniske høgskulen vart oppgradert til University of Huddersfield har mange byrja å omtale han som ein universitetsby i staden. Tradisjonelt har byen vore senter for ull-, bomulls- og silkeindustrien med produksjon av tekstilmaskinar og fargestoff. Tekstilindustrien går tilbake til byrjinga av 1700-talet.

Dei lokale styresmaktene har ynskt å få statusen til byen oppgradert til city, men innbyggjarane avviste dette i ei uoffisiell folkerøysting som vart organisert av lokalmedia.

Byen ligg ved staden der elvene Colne og Holme møtest. Det går to kanalar dit, Huddersfield Broad-kanalen og Huddersfield Narrow-kanalen.

Fotballklubben Huddersfield Town AFC spelar i Football League One.

Huddersfield Town frå Castle Hill.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Huddersfield