West Yorkshire
Utsjånad
| West Yorkshire | |||
| grevskap | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Yorkshire and the Humber | ||
| Areal | 2 029 km² | ||
| Folketal | 2 161 200 (2005) | ||
| Grunnlagd | 1974 | ||
| Status | Seremonielt og metropolitansk grevskap | ||
![]() West Yorkshire 53°45′00″N 1°40′00″W / 53.75°N 1.6666666666667°W | |||
| Wikimedia Commons: West Yorkshire | |||
West Yorkshire er eit metropolitansk grevskap i Yorkshire and the Humber i England med kring 2,2 millionar innbyggjarar. West Yorkshire vart skipa i 1974.
West Yorkshire består av fem bykommunar, City of Bradford, Calderdale, Kirklees, City of Leeds og City of Wakefield, og grensar til grevskapa Derbyshire i sør, Stor-Manchester i sørvest, Lancashire i nordvest, North Yorkshire i nord og aust og South Yorkshire i søraust.
West Yorkshire grevskapsråd vart nedlagd i 1986 så distrikta har sidan den gong i røynda vore sameinte styresmakter.
West Yorkshire omfattar West Yorkshire storbyområde, som er det største byområdet i det historiske grevskapet Yorkshire.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «West Yorkshire» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2009.

