Huginformasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Huginformasjonen er ein geologisk lagpakke av sand som vart avsett i eit strandområde i midtre juratida i sentrale delar av Nordsjøen. Typeområdet er Sleipnerfeltet. Huginformasjonen inneheld tørrgass. Sanden vart avsett i ulike strandmiljø som tidvassbankar, lagune og elveutløp med varierande innslag av marin skifer som tilhøyrer Heatherformasjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]