Human Development Index

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Verdskart som viser HDI-indeks i medlemslanda i FN 2008
██ 0.950 og over ██ 0.900–0.949 ██ 0.850–0.899 ██ 0.800–0.849 ██ 0.750–0.799 ██ 0.700–0.749 ██ 0.650–0.699 ██ 0.600–0.649 ██ 0.550–0.599 ██ 0.500–0.549 ██ 0.450–0.499 ██ 0.400–0.449 ██ 0.350–0.399 ██ under 0.350 ██ ikkje tilgjengeleg

Human Development Index (HDI, norsk: Indeksen for menneskeleg utvikling) er på same måten som bruttonasjonalprodukt (BNP) eit mål for velstand i landa i verda. Medan BNP måler rikdommen til eit land, er HDI meint å gje eit meir komplett bilete, ettersom det inkluderer fattigdom, lese- og skrivedugleik, utdanning, forventa levealder, fødselstal og andre faktorar. HDI vart utvikla av den pakistanske økonomen Mahbub ul Haq (1934–1998), og har sidan 1990 vorte brukt i FN sin årlege rapport Human Development Report. HDI vert oppgjeve på ein skala frå 0 til 1, der 1 er best. I rapporten frå 2007 ligg Island, Noreg og Australia øvst på lista, medan Guinea-Bissau, Burkina Faso og Sierra Leone ligg nedst.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]