Guinea-Bissau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Guinea (fleirtyding).
[endre]
Repùblica da Guiné-Bissau

(norsk: Guinea-Bissau, bissauguineansk)

Det bissauguineanske flagget Det bissauguineanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Esta é a Nossa Pátria Bem Amada»
Motto Portugisisk: Unidade, Luta, Progresso (Eining, kamp, framsteg)
Geografisk plassering av Guinea-Bissau
Offisielle språk Portugisisk
Hovudstad Bissau
Styresett
Republikk
Umaro Sissoco Embaló
Nuno Gomes Nabiam
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
36 125 km² (135.)
12 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
1 792 338 (149.)
49,6 /km² (132.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Akseptert
Frå Portugal
24. september 1973
10. september 1974
Nasjonaldag 24. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
2 677 mill. USD (175.)
1 600 USD (184.)
Valuta CFA-franc
Tidssone UTC
Telefonkode +245
Toppnivådomene .gw


Guinea-Bissau (tidlegare Portugisisk Guinea) er ein republikk i Vest-Afrika. Landet har kyst mot Atlanterhavet og grensar i nord til Senegal, og sør og aust til Guinea.

Landet var tidlegare ein portugisisk koloni under namnet Portugisisk Guinea. Etter at det blei uavhengig i 1974 blei namnet til hovudstaden lagt til etter det til landet for å hindra forveksling med republikken Guinea.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Guinea-Bissau

Guinea-Bissau ligg på vestkysten av Afrika mot Atlanterhavet. Det er blant dei minste landa i Afrika med eit folketal på litt over ein million. I Guinea-Bissau finst det framleis store tropiske skogar. Det har ingen vassmangel, slik at det er svært fruktbart.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Landet har eit tropisk klima med regntid frå juni til september og tørke i tida mellom. Temperaurene held seg høge året gjennom, men vert litt lågare frå desember til april. Landet er påverka av den intertropiske konvergenssona med skyer og regn mellom juni og oktober. Den årlege nedbøren er på rundt 1500 mm, og det regnar om lag 60-90 dagar i regntida. I tørketida bles det stort sett ein nordaustleg vind, kalla harmattan, og denne kan føre med seg sand og støv som set ned sikta. I dei indre områda er fukta mykje lågare i denne tida, og tempeaturane mykje høgare enn ved kysten. Nattetemperaturane er derimot lågare.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lite er kjend om førhistoria til Guinea-Bissau. Rundt år 1000 heldt jeger-samlarar til i området. Kort tid seinare byrjar det koma arkeologiske spor etter landbruk med reiskapar av jern.[1]

Guinea-Bissau var ein gong del av kongeriket Kaabu, som høyrde til Maliriket på 1500-talet.[2] Delar av kongeriket blei etterkvart kolonisert av europearar.

Etter at franskmenn og britar hadde brukt området som stasjon for slavehandel gjennom 1600- og 1700-talet, kalla Portugal området for Portugisisk Guinea og gjorde krav på det som koloni i 1879. Portugisisk Guinea var kjend som Slavelysten,[3] ettersom det var ei hovudområdet for utførting av afrikanarar som slavar til Amerika.[4][3] Denne delen av Vest-Afrika er også blitt kalla 'Grava til den kvite mannen', fordi mange europearar døydde av malaria her.

Frå ei tilstelling i Portugisisk Guinea på 1960-talet. Ein mann held strengeinstrumentet kora.

Det afrikanske partiet for Guinea-Bissau og Kapp Verdes sjølvstende (PAIGC) blei grunnlagt i 1956 av Amilcar Cabral for å kjempa mot dei portugisiske kolonistyresmaktene. I 1963 byrja ein geriljakrig etter at Cabral erklærte full krig mot portugisarane. Til forskjell frå geriljarørsler i andre portugisiske koloniar, utvida PAIGC raskt militær kontroll over store delar av landet, takka vere det jungelaktige terrenget, dei nære grensene til vennlegsinna allierte og våpenstøtte frå Cuba, Kina, Sovjetunionen og venstreorienterte afrikanske land.[5]

Etter ti års kamp hadde PAIGC i 1973 vunne herredøme over mesteparten av landet. Portugal avslutta krigen og gav landet sjølvstende etter Nellikrevolusjon i 1974. Luís Cabral, halvbroren til Amilcar Cabral, blei den første presidenten i landet og regjerte med eittpartistyre og planøkonomi fram til 1980, då han blei styrta i eit militærkupp. Etterfølgjaren hans var Joao Bernardo «Nino» Vieria. Han innførte marknadsøkonomi og eit fleirpartisystem i teorien, men i røynda var politisk opposisjon undertrykt. 1980-talet var prega av fleire kuppforsøk mot Vieira, men han klarte å halda på makta.

I 1994 blei dei første frie vala haldne og Vieira blei vald til president. I 1998 sa han opp den øvstkommanderande og utløyste dermed militært mytteri og ein øydeleggande borgarkrig. Etter internasjonale forhandlinger og Vieira sin avgang i mai 1999 blei det inngått våpenkvile mellom partane, og ein fredsstyrke beståande av soldatar frå vestafrikanske land sikra freden. Det blei halde nye val i februar 2000, og Kumba Yalá blei ny president. I 2003 blei han avsett i eit kupp, og Henrique Rosa blei interimpresident etter at dei militære meinte at den økonomiske og politiske situasjonen utvikla seg negativt.

Ved valet i 2005 blei Vieira vinnar att, og han prøvde å få landet ut av fattigdom med ein stramare økonomisk politikk og styrking av privat sektor med støtte frå IMF og Verdsbanken. I mars 2009 blei Vieira drepen av soldatar som ville ta hemn for drapet på general Batista Tagme Na Wai, ein rival av Vieira. President i Nasjonalforsamlinga, Raimundo Pereira, blei interimpresident. Ved valet som følgd i juni 2009 blei Malam Bacai Sanhá vald til president.

José Mário Vaz var president av Guinea-Bissau frå 2014 til valet i 2019. Han blei den fyrste valde presidenten i landet til å fullføra ein femårsperiode. Han tapte så for Umaro Sissoco Embaló, som blei innsett i februar 2020. Embaló var den fyrste presidenten som blei vald utan støtte fråPAIGC.[6][7]

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalforsamlinga, Assembleia Nacional da Guiné-Bissau.

Folkesetnad og språk[endre | endre wikiteksten]

Indigenas er namnet på urfolk i Guinea-Bissau, som består av meir enn 30 ulike folkegrupper. Nokre av desse er balanta, fulani, mandjako, mandingo, papel, europearar og folk av blanda afrikansk og europeisk ætt. Det offisielle språket er portugisisk, men dette blir berre tala av ein tredel av befolkninga. Vidare er kriol, (kreolspråk, ein blanding av portugisisk og vestafrikanske språk), made og fulah dei vanlegaste språka i landet.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Ulike estimat reknar med at rundt 45 % av innbyggjarane i Guinea-Bissau er muslimar, 20 % kristne og 15-30 % animistar eller tradisjonell religion.[8][9] Mange følgjer synkretistiske religionar med element frå islam, kristendom og tradisjonell tru.[10][11] Islam er den største religionen i nord og aust, medan kristendommen er viktigast i sør og ved kysten. Dei fleste kristne er katolikkar.[12]

Styresett[endre | endre wikiteksten]

Guinea-Bissau er ein republikk.[13] Styresmaktene i landet har vore sterkt sentraliserte, og det blei ikkje etablert eit fleirpartisystem før i 1991.[13] Presidenten i Guinea-Bissau er statoverhovud, og statsministeren er regjeringsleiar. Frå 1974 hadde ingen president fullført femårsperioden sin før Jose Mario Vaz fullførte sin periode 24. juni 2019.[6]

Nasjonalforsamlinga er Assembleia Nacional Popular, som har eitt kammer og 100 representantar som blir valde for fireårsperiodar. Øvsteretten i landet, Tribunal Supremo da Justiça, omfattar ni dommarar utnemnde av presidenten.[14]

Dei to viktigaste politiske partia er PAIGC (Partido Africano para a Independência da Guiné e Cabo Verde) og PRS (Partido da Renovação Social). Det finst over 20 mindre parti.[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Early history». Encyclopedia Britannica. Henta 24. mai 2020. 
  2. «Guinea-Bissau - Country Profile - Nations Online Project». www.nationsonline.org. Henta 26. januar 2021. 
  3. 3,0 3,1 «HISTORY OF GUINEA-BISSAU». www.historyworld.net. Henta 26. januar 2021. 
  4. Gale Group. (2017). Guinea-Bissau. I M. S. Hill (red.), Worldmark encyclopedia of the nations (14. utg., Vol. 2, s. 379-392). Gale.
  5. «The PAIC Programme Appendix». Marxists.org. Arkivert frå originalen 30. januar 2013. Henta 22. juni 2013. 
  6. 6,0 6,1 Tasamba, James (29. november 2019). «Guinea-Bissau's leader concedes election defeat». Anadolu Agency. Henta 14. juni 2021. 
  7. «Guinea-Bissau: Former PM Embalo wins presidential election». BBC news. 1. januar 2020. Henta 14. juni 2021. 
  8. «Chapter 1: Religious Affiliation», Tolerance and Tension: Islam and Christianity in Sub-Saharan Africa, Pew Research Center, 15. april 2010 
  9. Tolerance and Tension: Islam and Christianity in Sub-Saharan Africa (PDF), Pew Forum on Religious & Public life, april 2010, s. 20, arkivert frå originalen (PDF) 30. april 2018, henta 25. april 2018 
  10. "Guinea-Bissau" Arkivert 28. desember 2010 ved Wayback Machine., CIA the World Factbook, Cia.gov. Henta 5. februar 2012.
  11. "Guinea-Bissau" Arkivert 16. april 2009 ved Wayback Machine., Encyclopædia Britannica
  12. Guinea-Bissau: Society & Culture Complete Report an All-Inclusive Profile Combining All of Our Society and Culture Reports. (2. utg.). Petaluma: World Trade Press. 2010. s. 7. ISBN 978-1607804666. 
  13. 13,0 13,1 «Guinea-Bissau (09/03)». U.S. Department of State. Henta 26. januar 2021. 
  14. Guinea-Bissau Supreme Court Arkivert 23 January 2012 ved Wayback Machine.. Stj.pt. Henta 22. juni 2013.
  15. Guinea-Bissau Political Parties Arkivert 9. mai 2013 ved Wayback Machine.. Nationsencyclopedia.com. Henta 22. juni 2013.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]