Humberto Suazo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Humberto Suazo
Humberto Suazo headshot.jpg
Fullt namn Humberto Andrés Suazo Pontivo
Fødd 10. mai 1981
San Antonio i Chile
Høgd 171 cm
Kallenamn Chupete
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Real Zaragoza
Draktnummer 8
Ungdomsklubb
1987-96
1996-2000
Flag of Chile.svg Club Torino
Flag of Chile.svg Universidad Católica
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2000-01
2001-02
2002-03
2003-04
2004-06
2006-07
2007-
2010
Flag of Chile.svg Ñublense
Flag of Chile.svg Magallanes
Flag of Chile.svg San Antonio
Flag of Chile.svg San Luis
Flag of Chile.svg Audax Italiano
Flag of Chile.svg Colo-Colo
Mexico Monterrey
Spania Zaragoza (lån)
4 (0)
6 (0)
0 (0)
40 (40)
62 (40)
54 (52)
85 (44)
17 (6)
Landslag**
2005- Flag of Chile.svg Chile 41 (17)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 17. mars 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 11. januar 2010.

Humberto Andrés Suazo Pontivo (fødd 10. mai 1981 i San Antonio i Valparaíso-regionen) er ein chilensk fotballspelar som spelar for det chilenske landslaget og for Real Zaragoza i spansk Primera Division, på lån frå det mexicanske fotballaget Monterrey.

Suazo har spelt for mange forskjellige chilenske fotballag. Han var toppskårar i den chilenske ligaen i apertura-turneringa i 2006 og 2007. I 2007 gjekk han frå den chilenske toppklubben Colo-Colo til Monterrey for 5 millionar dollar. Han vart toppskårar i clausura-sesongen i Mexico i 2008 og apertura-sesongen 2009. Han vart òg kåra til beste spelar i Mexico i apertura-sesongen i 2009. I januar 2010 gjekk han på lån til Real Zaragoza i Spania, med opsjon på kjøp.

Suazo debuterte for Chile sitt A-landslag i 2005. Han vart toppskårar i den sør-amerikanske VM-kvalifiseringa til fotball-VM i 2010 med 10 mål.