Hundreårsbølgje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei hundreårsbølgje er ein statistisk utrekna bølgjestorleik. Ho vert definert som høgda på den største bølgja som i gjennomsnitt vil inntreffe ein gong per hundre år for ein viss plassering.

Sannsynet for at denne bølgjehøgda vert oppnådd minst ein gong i løpet av hundre år er 63 %.[1]

Hundreårsbølgjene på norsk kontinentalsokkel er typisk 25 meter sør på sokkelen (ved Ekofisk), aukande til om lag 29 meter ved Gullfaksfeltet og 31 meter på Haltenbanken. I Barentshavet er hundreårsbølgha i storleiksorden 29 meter.

Storleiken på hundreårsbølgja blir berekna ut frå statistiske analysar av observasjonar av bølgjehøgd eller data frå bølgjemodellar (engelsk hindcast). Storleiken vil variere etter geografisk plassering, klima, årstid med meir. Dei vanlegaste statistiske metodane er

  • å bruke den største obserasjonen kvart år. Med år blir meint ein sesong frå 1. juli til 1. juli. Ved å ikkje å bruke kalenderår unngår ein å få avhengige data. Dataa blir tilpassa med ein Gumbel-fordeling.
  • å bruke alle dataa i ein tidsserie. Dataa blir tilpassa med ein Weibull-fordeling.
  • alle stormdata over ein gjeven terskelverdi for bølgjehøgda blir analysert. Terskelverdien må veljast så låg at resultata blir stabile. Dataa blir tilpassa med ein eksponensialfordeling.
  • den høgaste verdien i kvar av stormane over ein gjeven terskelverdi for bølgjehøgda blir analysert (engelsk peak over treshold). Stormtoppene blir forventa å vere uavhengige, og dataa blir tilpassa med ein eksponensialfordeling eller ein trunkert gumbelfordeling.

Når ein skal tilpasse dataa til ein gjeven fordeling er det òg fleire respekterte metodar. Dei mest vanlege vert kalla minste kvadrats metode (engelsk minimum least square), mest trulege tilpasning (engelsk maximum likelihood estimate) og momentmetoden (engelsk method of moment).

Hundreårsbølgja brukast i ingeniørmiljø i samband med dimensjonering av skip, kaiar, dammar og oljeplattformar.

Det kan òg reknast ut bølgjehøgder for andre tidsperiodar enn hundre år, til dømes ei tjueårsbølgje,[2] ei femtiårsbølgje[3] eller til og med titusenårsbølgje.[4]

I overført tyding blir uttrykket «hundreårsbølgje» òg nytta om andre sjeldne og dramatiske hendingar, som til dømes uroa i finansmarknadane hausten 2008.[5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sannsynet vert utrekna som = 1 - (1 - 0,01)100, og gangast med 100 for å få prosent.
  2. Tjueårsbølgjer er mest vanleg i skipsdimensjonering.
  3. Femtiårsbølgjer er mest vanleg på kaiar og dammar, men vert òg nytta i offhorenæringa i Storbritannia.
  4. Titusenårsbølgjer vert nytta for oljeplattformer i Noreg, jamfør standarden NORSOK N-003.
  5. Einar Takla: En hundreårsbølge, Dagens Næringsliv, 15. september 2008

Kjelder[endre | endre wikiteksten]