Disse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Huska)
Småbarn i ei sikra disse.
Foto: Quinn Norton
Ungutar disser samstundes i eit dissestativ.
Foto: Jean Claude Velasquez

Disse, gynge, føyse, huske eller reile er ei hengande innretning ein gynga på i ei pendelrørsle. Disser blir brukte til leik, avslapping og opptreden. Som regel vil ein sitja eller stå i ei disse, og anten setja rørsla i gang ved å lena kroppen og eventuelt føter fram og tilbake, eller ved at andre dytter eller dreg med tau. Ulike disser er kjende frå store delar av verda.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Det finst disser utforma til fleire ulike føremål. Disser for småbarn er sikra slik at dei sit trygt og ikkje fell ut. Disser for eldre barn og vaksne som kan halda seg fast kan vera enklare, til dømes laga av ein planke, stokk, tauknute eller eit bildekk. Disser heng som oftast i tau eller kjetting. Ein kan også bruka sterke lianar som naturlege disser.

Tradisjonelt har ein ofte hengt opp disser frå tak eller tregreiner, men det kan òg setjast opp særskild tillaga dissestativ, ofte slik at fleire disser heng frå ei ramme slik at fleire kan dissa samstundes. Slike stativ finn ein særleg på moderne leikeplassar. I slike stativ kan ein også festa disseinnretningar der to eller fleire kan dissa saman, anten ved at dei sit på ein benk saman eller ved at dei vender mot kvarandre og gjev fart kvar sin veg.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Disser blir ofte brukt til leik av barn. Dei kan bruka disser for å oppleva fart og spaning, og meistra utfordringar som å gje fart sjølv, røra seg på dissa og hoppa av i fart. Det finst likevel også ei rekkje døme på disser for vaksne.

Dissing kan brukast til underhaldning av andre. Akrobatar kan til dømes bruka disse på vågalt vis i trapesar, tøystykke, tau og andre innretningar.

Ein kan også bruka disser i rituale. Dei blir til dømes brukt i bryllaupsseremoniar i Sør-India og årlege seremoniar i Thailand, der seremonien til akhafolket er den best kjende i dag, medan kjempedisseseremonien i Bangkok var den største tidlegare. I hinduismen er disser er særleg knytte til guteguden Krisjna og til myta om skapinga av verda

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]