Hvalstad stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°51′32.544″N 10°27′44.860″E

Stasjonsbygningen frå 1962.
Foto: Trond Strandsberg (2006)
Stasjonsbygningen frå 1915.
Foto: Trond Strandsberg (2006)
Stasjonsbygningen frå 1872.
Foto: Anders Beer Wilse (1904)
Trebrua over Hvalstaddalen for den smalspora Drammensbanen.
Foto: Anders Beer Wilse (1904)

Hvalstad stasjonHvalstad er ein av jarnbanestasjonane for lokaltrafikk på Drammensbanen gjennom Asker kommune. Stasjonen har namn etter garden Hvalstad, som fekk areala kløyvd av denne banen i si tid.

Den fyrste Hvalstad stasjon, som opna samstundes med at den opphavleg smalspora Drammensbanen var ferdig i 1872, låg i nærleiken av nordenden på den lange og høge trebrua for banen over Hvalstaddalen, i nærleiken av det som i dag er krysset mellom Kirkevegen og Hvalstadvegen. Denne brua, som var den største trebrua i Skandinavia, hadde namnet Hvalstadbrua, og vart bygd i åra 1870 til 1872. Av di brua var av tre, kravde ho mykje vedlikehald, og difor vart banen omlagt for å slippe bru over dalen då banen skulle ombyggjast frå smalt spor til normalspor, slik at trebrua kunne rivast i 1915. Den nye banen låg lågare i terrenget, i tunnel gjennom kvar av dalsidene og over dalbotnen på ein steinfylling etter ein trasé vestanfor den gamle trebrua. Til fyllinga over dalen gjekk det med 35 000 kubikkmeter stein som vart teke ut av dei nye tunnelane og skjeringane.

Som fylgje av denne omlegginga av traseen, vart Hvalstad stasjon flytta nordover til det området der stasjonen ligg no, og ein ny, vakker stasjonsbygning i tre, teikna av arkitekt Jens Flor, stod ferdig her i 1915, same året som den gamle trebrua vart rive. Men då Drammensbanen vart bygd om til dobbeltspor på denne strekninga, og stasjonen ombygd i samband med dette, vart stasjonsbygningen frå 1915 ikkje tenleg til vidare bruk. I staden vart det i 1962 bygd ein moderne ekspedisjonsbygning i betong, teikna av Julia Kristiansen ved NSBs arkitektkontor. Den nye stasjonen, som er av den såkalla høgbanetypen, samsvarte med krava om at tryggleiken på denne sterkt trafikkerte banen skulle betrast for ferdafolket ved at dei skulle sleppe å krysse spora for å kome til rett perrong. Alle stasjonsbygningane langs den dobbeltspora strekninga av Drammensbanen var no knytt beinveges til perrongar mellom spora, med tilkomst frå undergangar under sporet som ofte låg attmed eller i ein undergang for offentleg bilveg.

Som på dei fleste andre jarnbanestasjonar, er det òg på Hvalstad stasjonen slutt på alt manuelt sal av billettar og andre tenester for ferdafolket, slik at stasjonen berre er som ein stoppestad å rekne. Stasjonen vart i si tid bygd med sidespor for godsvogner, men det er lenge sidan det vart ekspedert gods over Hvalstad stasjon.

Det er vedteke at den siste stasjonsbygningen på Hvalstad skal takast vare på som eit døme på jarnbanearkitekturen frå 1960-talet. Stasjonsbygningen frå 1915 står framleis, men er avsperra frå stasjonsområdet og ombygd til bustad og til lokale for privat næringsverksemd.