Hvalstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Området kring Hvalstad stasjon.

Hvalstad er eit bustads- og landbruksområde i Asker kommune, der mellom anna Hvalstad stasjonDrammensbanen ligg. Både stasjonen og området har namn etter garden Hvalstad, som har vore ein storgard i gamal tid, men som no for det meste er stykkja opp og lagt ut til bustadtomter, likevel slik at mykje av innmarka ligg att. Mange av dei nye lokalvegane i området har òg fått namn etter garden Hvalstad.

På Hvalstad ligg Asker museum, Valstads samlinger og Hvalstad barneskule.

Asker museum, som er bygd opp på grunnlag av den eigedomen som i si tid var heimen til kunstnarekteparet Tilla og Otto Valstad, ligg i den vesle Hvalstaddalen. Denne dalen vert òg kalla Kunstnardalen, ettersom fleire landskjende forfattarar, kunstmålarar og skulptørar har budd her i stuttare eller lengre tid, som til dømes Hulda og Arne Garborg. Huset som dette ekteparet hadde som sin bustad frå 1897 til 1934, Labråten rett over vegen for museet, er no freda og har vorte ein part av museet, ope for omvising. Kimen til Det Norske Teatret vart lagt på Labråten, som på folkemunne vart kalla «Målkroken» av di mellom anna nynorskforkjemparar samla seg her. Men Labråten var ikkje berre ein «målkrok», men ein møtestad for vener og åndsfrendar som utvikla og formidla nye tankar og impulsar frå Europa og verda elles, og soleis stod for kulturell nyskaping, formidling og vidareføring. Det arbeidet som vart gjort her når det galdt litteraturen, teateret, biletkunsten og dei kulturelle tradisjonane frå bygdene, var med til å skape den norske identiteten i ei brytingstid.

Elles er Hvalstad kjend for mange av di det i tida frå 1899 til 1967 låg ein pensjonatskule for gutar her, Hartmanns Pensionatskole, som i 1933 vart supplert med ein skule for jenter, Hvalstad Pensjonatskole for unge piker. På Hvalstad låg tidlegare òg ein spesialfabrikk, Hvalstad Møbelfabrikk, skipa i 1937 for å lage kabinett av tre til dei ymse typane av radioapparat, seinare òg fjernsynsapparat, som vart produsert ved dei dåverande norske radiofabrikkane; i dei tidene var slike apparat som møbel å rekne. Kring 1950 var 40 mann i arbeid på fabrikken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Internettsidene for Asker museum, Valstads samlinger på Hvalstad.