Hydrant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prinsippet for ein brannhydrant: Ventilen nede i jorda kan opnast og lukkast ved hjelp av ein nøkkel øvst oppe. Når ventilen vert stengd, vert vatnet i han tømt ut automatisk for ikkje å fryse i den kalde årstida.

Hydrant eller brannhydrant er ei utandørs innretning over jorda, nytta til å kople brannslanger til ei nedgrave vassleidning for å skaffe vatn til brannslukking. Hydranten fungerar som ei tappekrane som kan opnast og stengjast ved hjelp av særlege reiskap eller nyklar som berre brannvesenet eller anna autorisert personell disponerar. Brannhydrantar er plassert langs gater og på andre område der det er høveleg med tanke på snøgt å kunne å slukke brann i bygningar.

Hydrant i bruk under ein brann i Ottawa i Canada.
Hydrant på Lågdalsmuseet i Kongsberg.
Ulefos Esco brannhydrant.

I nyare tider har det vorte meir vanleg å nytte nedgravne kummar med kraner med uttak for brannslanger i staden for brannhydrantar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]