Vasskran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei dobbel vasskrane for både kaldt og varmt vatn, eit såkalla blandebatteri.
Ei moderne vasskrane, eit blandebatteri, som opnar for vatnet og blandar kaldt og varmt vatn til høveleg temperatur ettersom ein vrir og hevar eller senker den horisonatale armen.
Ein eldre type vasskran, ein spring.
Ei stoppekrane til bruk på ei større vassleidning.

Vasskran eller vasskrane er ein ventil på eit vassrøyr, laga for å kunne stogge eller opne for vasstraumen i røyret (ei stoppekran), eller for å tappe vatn ut or røyret (ei tappekran). Vasskraner kan òg verte kalla armatur. Dersom krana er laga slik at ho kan blande kaldt og varmt vatn til vatn med høveleg temperatur, er det vanleg å tale om eit blandebatteri. Ei tappekrane kan òg verte kalla spring, særleg slike tappekraner som er av gamle typar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vasskran