Hydraulikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prinsippskissa av eit hydraulisk system
Skjematisk oppsett over det same systemet
Hydraulikksylinder brukt på traktor.

Hydraulikk er overføring av energi ved hjelp av væske. Vanlegvis brukar ein olja, men vatn kan òg brukast.

Hydraulikk vert brukt først og fremst når ein treng store krefter. Eit typisk bruksområde er anleggsmaskinar, der store hydrauliske sylindrar løftar, senkjer, tømmer, lukkar, opnar og utfører andre oppgåver. I dagleglivet møter ein gjerne hydraulikk i hydrauliske garasjejekkar og liknande utstyr.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Aggregat[endre | endre wikiteksten]

Eit hydraulikkaggregat leverer olja til arbeidselementa. Aggregatet er samansett av oljetank, hydraulikkpumpa, oljefilter, trykkmålarar, trykkavgrensingsventil, oljekjølar tryggleiksventil

Styringar[endre | endre wikiteksten]

For å ha kontroll med anlegget nyttar ein ulike typar ventilar. Retninga på væskestraumane styrer ein med retningsventilar. Retningsventilar kan igjen vera styrte av trykk, manuelt med brytarar, elektrisk styrt (ved hjelp av magnetventilar og relé eller PLS) eller liknande. Trykket kan ein styra ved hjelp av ulike trykkventilar og sikkerheitsventilar. Strøyminga i anlegget styrer ein med volumstraumsventilar og tilbakeslagsventilar.

Arbeidselement[endre | endre wikiteksten]

Arbeidselementa er dei delane som utfører arbeidet. Hydrauliske sylindrar utfører lineære arbeidsrørsler og hydrauliske motorar ufører sirkulære rørsler.

Vedlikehald[endre | endre wikiteksten]

Service på anlegg[endre | endre wikiteksten]

Hydrauliske anlegg treng relativt lite vedlikehald, men ved vanlege rutineservicar, avhengig av bruksområde så er normale oppgåver å skifte olje, filter, gjere reint anlegget utvendig, drenere vatn/kondens frå filter.

Overhaling[endre | endre wikiteksten]

Ved innvendig overhaling av komponentar som ventilar, sylindrar og motorar, så er reinhald førsteprioritet. Dette er fordi hydrauliske system oppererar med små klaringar imellom maskindelane som feks pumpehjul/pumpehus, skulle desse verte utsatt for fragmenter i olja så vil det oppstå abrasiv slitasje, dette vil igjen utvikle seg som ein ond sirkel fordi materialar frå pumpekomopnenten vil bli rivne laus samt følgje oljestraumen og igjen føre til slitasje på andre komponentar i systemet. Ein annan utbreidd feil er å nytta gjengetape. Ved å nytta gjengetape risikerar ein at fragmentar frå tapen kan løysne og då setje seg fast på forskjellige stader i systemet. Dette vil i tur skape driftsproblemer for anlegget.[treng kjelde]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]