Hylen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hylen er ein stad inst i Hylsfjorden i Suldal kommune. Frå gammalt av var staden eit knutepunkt og ein handelsstad for ferdsel mellom aust og vest. Då reiste ein med båt på Hylsfjorden, til lands over Hylsskaret, og til ny båt over Suldalsvatnet. Med rutebilvegar og dampskip blei derimot Hylen liggjande utanfor allfarveg, fram til Suldalsvegen kom i samband med Ulla-Førre. Då kom òg Hylen kraftverk som er sprengt inn i fjellet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]