Suldalsvatnet
Suldalsvatnet | |||
innsjø | |||
Kveldsstemning ved Suldalsvatnet
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Kommune | Suldal | ||
Høgd over havet | 68 moh. | ||
Areal | 27,53 km² | ||
Største djupn | 376 m | ||
Volum | 4,49 km³ | ||
Kystlengd1 | 69,43 km | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Suldalsvatnet | |||
Wikimedia Commons: Suldalsvatnet | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Suldalsvatnet er ein innsjø i Suldal kommune. Vatnet strekkjer seg frå Roalkvam i nordaust, til Suldalsosen i sørvest. Suldalsvatnet har i alle år vore ei sentral ferdselsåre i Suldal. I tidlege tider var det robåtane som prega ferdsla, men i 1885 vart Suldalsdampen sett inn i passasjertrafikk på vatnet. På 1930-talet kom ferja Suldalsporten, som trafikkerte strekninga Nesflaten–Solheimsvik. I samband med Ulla-Førreutbygginga i 1970- og 1980-åra vart det etablert bilveg langs vatnet, og rutetrafikken vart innstilt. Samstundes blei vatnet regulert med dam ved Suldalsosen, og det blei etablert kraftverk i Hylen.
Suldalsvatnet er også kjent for det gode fiske, og kvart år vert Storaure-festivalen arrangert på Nesflaten.