Hylkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hylkje
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5109 HYLKJE
Preposisjon Hylkje

Hylkje er ein tettbygd stad i Bergen kommune i Hordaland fylke. Staden ligg ved Sørfjorden, på nordaustsida av Bergenshalvøya. E39 går gjennom Hylkje. På Hylkjeneset ligg Åsane folkehøgskule, opna 1966 og eigd av IOGT.

Hylkje er òg ein matrikkelgard, med gardnummer 171. Garden er ein av dei minste i utstrekning i Åsane. Folketalet innanfor området til matrikkelgarden var 79 i 2001. Tettstaden Hylkje, som Statistisk sentralbyrå definerer han, strekkjer seg òg gjennom matrikkelgardane Tuft, Almås, Haukås og Breistein.

Staden har tidlegare oppfylt SSB sin tettstaddefinisjon.

Spire Denne Hordalandartikkelen som har med geografi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.