I'll See You in My Dreams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«I'll See You in My Dreams» er ein populær song skriven av Isham Jones med tekst av Gus Kahn, først publisert i 1924. Han vart opphavleg spelt inn av Isham Jones and the Ray Miller Orchestra, og låg 16 veker inne på salslista i USA i 1925, sju av dei på toppen av lista.[1]

Songen vart valt som tittelsongen for filmen I'll See You in My Dreams, ein musikalsk biografi om Kahn. Populære innspelingar vart gjort av mange leiande artistar, som Marion Harris (1924), Cliff Edwards, Louis Armstrong, Pat Boone, Doris Day, Ella Fitzgerald, Mario Lanza, Tony Martin, Anita O'Day, The Platters, Ezio Pinza, Sue Raney, Jerry Lee Lewis (1958, instrumental) og Andy Williams.[2] Ein «Texas Swing»-versjon av songen vart spelt inn av Bob Wills and his Texas Playboys.

Songen vart òg spelt av Django Reinhardt og Quintette du Hot Club de France, og inspirerte Merle Travis til å spele han inn som ein gitarinstrumental. Mange andre gitaristar, som Chet Atkins og [Thom Bresh] følgde etter Merle.

Songen vart nytta i filmen Kitty Foyle i 1940, som Ginger Rogers vann sin einaste Oscarpris for for beste kvinnelege birolle. Han vart spelt av Mario Lanza på hans Coca-Cola Show i 1951-2.

Andre som har spelt inn songen er mellom anna The Bachelors, Ron Goodwin and His Orchestra, the Pearls, Eddie Cochran, Mark Knopfler og Chet Atkins, Joe Brown, Moonspell, Ingrid Michaelson og Melinda Schneider.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. CD liner notes: Chart-Toppers of the Twenties, 1998 ASV Ltd.
  2. «I'll See You in My Dreams». Allmusic. Henta 1. juni 2013.