The Platters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Platters
The Platters performing.jpg
The Platters i tidlege år. Frå venstre til høgre: Reed, Williams, Taylor, Lynch (på kne) og Robi.
Opphav Los Angeles i California i USA
Sjanger Rhythm and blues, soul, rock and roll, doo-wop
Aktive år 1954–1970 (originalband)
1970 til i dag
Plateselskap Federal Records, Mercury, Musicor Records, Antler Records
Tidlegare medlemmer
Tony Williams
David Lynch
Paul Robi
Herb Reed
Zola Taylor
Gaynel Hodge
Alex Hodge
Cornell Gunter
Joe Jefferson
Sonny Turner

The Platters er ei USA-amerikansk vokalgruppe skipa i 1952. Dei var ein av dei mest suksessrike vokalgruppene i den tidlege rock and roll-tida. Den særeigne stilen deira var ei bru mellom Tin Pan Alley-tradisjonen frå før rocken oppstod og den blømande nye rockesjangeren. Gruppa gjekk gjennom mange endringar, men den mest suksessrike besetninga bestod av førstetenoren Tony Williams, David Lynch, Paul Robi, Herb Reed og Zola Taylor. Gruppa hadde 40 singlar inne på Billboard Hot 100-lista mellom 1955 og 1967, inkludert fire songar på toppen av lista. The Platters var ei av dei første afroamerikanske gruppene som vart akseptert som ei stor hitlistegruppe og var ei stund den mest suksessrike vokalgruppa i verda.[1]

Starten[endre | endre wikiteksten]

The Platters vart skipa i Los Angeles in 1952[2] og vart først administrert av ein talentspeidar i Federal Records, Ralph Bass. Den originale gruppa bestod av Alex Hodge, Cornell Gunter, David Lynch, Joe Jefferson, Gaynel Hodge og Herb Reed, som kom med i gruppa etter han var ferdig med militærtenesta i desember 1952.[2] Reed skapte namnet til bandet.[3]

I juni 1953 slutta Gunter for å bli med i The Flaires og vart erstatta av førstetenoren Tony Williams. Bandet gav så ut to singlar med Federal Records, under styret til Bass, men hadde liten suksess. Bass bad så venen og låtskrivaren Buck Ram om å instruere grupa i håp om å få ei hitplate. Ram gjorde nokre endringar i besetninga, mellom anna med å ta med ein kvinnelege vokalist, Zola Taylor. Seinare vart Hodge erstatta av Paul Robi.[4] Under rettleiing frå Ram spelte The Platters inn åtte songar for Federal i R&B/gospel-stil og fekk nokre få mindre hittar på Vestkysten, og akkompagnerte syster til Williams, Linda Hayes. Ein av songane dei spelte inn for Federal var «Only You (And You Alone)», opphavleg skriven av Ram[5] for The Ink Spots, men selskapet meinte ikkje denne var god nok for utgjeving,[6] men det finst eksemplar av denne tidlege versjonen.

Trass i at det gjekk treigt i starten, tente The Platters gode pengar på å turnere, og hadde nok suksess til at The Penguins, som nettopp hadde hatt ein hit med «Earth Angel», bad Ram om å vere manager for dei òg. Med The Penguins klarte Ram å forhandle fram ein 2-for-1-avtale med Mercury Records. For å få signere kontrakt med The Penguins, insisterte Ram på at dei òg måtte ta The Platters.[5] The Penguins kom aldri til å få ein hit for selskapet.[7]

Suksess[endre | endre wikiteksten]

Jean Bennett og Tony Williams var overtydd om at «Only You» hadde potensiale, så Ram fekk The Platters til å spele inn songen på nytt under den første innspelinga for Merury. Singelen kom ut sommaren 1955 og vart den første hitten til gruppa som nådde Topp 10 på poplista i USA og han toppa R&B-lista i sju veker. Oppfølgjaren, «The Great Pretender», med ein tekst som var skriven i vaskerommet på Flamingo Hotel i Las Vegas av Buck Ram,[5] gjorde det enno betre enn debuten og vart den første hitten til The Platters som gjekk til topps nasjonalt. «The Great Pretender» var òg den største R&B-hitten deira og han låg 11 veker på toppen av lista. I 1956 dukka The Platters opp i den første store filmen basert på rock and roll, Rock Around the Clock, og spelte både «Only You» og «The Great Pretender».[8]

Den unike vokalstilen til The Platters hadde råka ei nerve hos publikum og ei rekkje hittar følgde, inkludert tre nasjonale toppnoteringar og fleire moderate hittar som «I'm Sorry» (#11) og «He's Mine» (#23) i 1957, «Enchanted» (#12) i 1959 og «The Magic Touch»[5] (#4) i 1956. The Platters fann snart suksessformelen med å oppdatere eldre standardlåtar, som «My Prayer»,[5] «Twilight Time», «Harbor Lights», «To Each His Own», «If I Didn't Care» og Jerome Kern sin «Smoke Gets in Your Eyes».[9] Sistnemnte skapte ein viss kontrovers då enkja til Kern mislikte at songen til den avdøde mannen hennar skulle omgjerast til ein «rock and roll»-song. Han toppa både dei amerikanske og britiske hitlistene med eit Platters-aktig arrangement.

The Platters skilde seg òg frå dei fleste andre grupper på denne tida, fordi Ram gjorde gruppa til eit registrert aksjeselskap, der kvart medlem fekk 20% kvar, alle honorar og trygda betalt for seg. Etter kvart som medlemmane slutta, kjøpte Ram og føretakspartnaren hans, Jean Bennett, aksjane deira, som dei hevda gav dei eigarskap over namnet The Platters. Ein rettsdom hindra derimot seinare dette.[10]

Gruppa vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1990 og i Vocal Group Hall of Fame det første året i 1998. The Platters var den første rock and roll-gruppa som fekk eit album på Topp 10 i Amerika. Dei var òg den einaste gruppa som hadde tre songar med i filmen American Graffiti: «Smoke Gets in Your Eyes», «The Great Pretender» og «Only You (and You Alone)».

Endringar i besetninga[endre | endre wikiteksten]

Besetninga i gruppa endra seg mange gonger. I 1953 bestod ho av førstevokalisten Cornell Gunter, Herb Reed, Alex Hodge, Joe Jefferson og David Lynch. Kort tid etter vart Gunter erstatta av tenoren Tony Williams.

Den andre manageren til bandet, Ram, valte å byggje gruppa kring den særeigne og allsidige røysta til Williams og måten han klarte å bringe liv i songane til Ram.[9] I løpet av eitt år var òg Hodge og Jefferson ute og erstatta av Paul Robi[4] og ei kvinne, Zola Taylor. Detaljane kring korleis barytonen Hodge gjekk ut er uklår. Forfattaren Peter A. Grendysa sa Hodge vart sparka av Ram i oktober 1954 etter å ha blitt skulda for å marihuanabruk,[11] medan Bookers og plateselskapet vart fortalt at Hodge måtte gå på grunn av ein avvist sjekk på 15 dollar.[12] Besetninga som då var att er den mest kjende utgåva av gruppa, den som fekk dei tørste hittane. Denne varte fram til 1960.

Som gruppe byrja The Platters å få vanskar med publikum i 1959, då fire mannlege medlemmar vart arresterte i Cincinnati for skuldingar om dopmisbruk og prostitusjon. Reed sa han mista kontakt med Taylor kort tid etter dette.[13] Sjølv om ingen vart dømde, var rykte deira skadd og dei amerikanske radiostasjonane byrja å ta bort platene deira frå spelelistene,[14] noko som tvang gruppa til Europa for å tene pengar.

I 1960 slutta vokalisten Williams for å fokusere på ein solokarriere, og vart erstatta av tenoren Sonny Turner. Mercury nekta å gje ut fleire Platters-innspelingar utan Williams på vokal, noko som førte til søksmål mellom selskapet og manageren Ram. Selskapet brukte to år på å gje ut gamle innspelingar med Williams, før kontrakte med gruppa gjekk ut. Songaren Jack Hammer, som var medlåtskrivar på fleire songar, som «Great Balls of Fire», spelte òg med gruppa.

Fleire endringar i besetninga følgde. I 1964 slutta Taylor[15] og vart så erstatta av Beverly Hansen Harris,[16] Barbara Randolph og i 1965 av Sandra Dawn. I 1965 slutta òg Robi,[17] som vart erstatta av Nate Nelson, tidlegare frontmann i The Flamingos.

Denne oppdelinga av gruppa førte til krangling om rettane til namnet Platters, med rettspåbod, konkurranseavgrensingsklausular og fleire versjonar av bandet som eksisterte samstundes. Williams, Robi og Taylor leia kvar sine Platters-grupper og ei kort stund slo Taylor, Robi og Lynch seg saman som «The Original Platters» med Williams-klonen Johnny Barnes som songaren deira.

For å skilje gruppa si frå avleggjarane starta av tidlegare medlemmar, la Ram til sitt eige namn til gruppa. «The Buck Ram Platters» skulle spele songane hans og fekk kontrakt med Musicor Records og fekk ein viss suksess i 1966-1967 med comebacksinglane «I Love You 1000 Times», «With This Ring» og den Motown-aktieg «Washed Ashore». Sonny Turner song førstestemme på desse innspelingane, medan Reed, Lynch, Nelson og Dawn utgjorde resten av gruppa.[18] Nelson slutta i gruppa i 1967. Dawn, som slutta i 1969, vart erstatta av Regina Koco, som vart verande med gruppa fram til 1983.[18]

I 1969 slutta òg Reed, det siste orignale medlemmet i Platters, i gruppa. Reed leia sidan ei «offisiell» Platters-grupper. Nelson arbeidde òg med denne gruppa før han omkom av eit hjarteinfarkt i 1984.

Etter Reed slutta, fortsette Ram å marknadsføre si eiga Platters-gruppe.[19] Turner slutta i 1970 (for å dane si eiga Platters-gruppe) og vart erstatta av Monroe Powell, som var konstant medlem frå 1970 til 1995, blant mange andre endringar i besetninga. Tony Williams skipa sin versjon av The Platters i 1971 og annonserte ein verdsturné.[20] I 1995 oppstod ein krangel mellom Powell og manageren Jean Bennett (som hadde kjøpt Personality Productions, den administrative delen av føretaket til Platters, frå Ram i 1966) og dei to gjekk kvar sin veg. På denne tida var det lite aktivitet i gruppa. Powell og Johnson fortsette å turnere som The Platters, medan Bennett hyrte fem nye songarar til å vere «Buck Ram Platters», med førstestemma Myles Savage.[21]

Rettsstrid[endre | endre wikiteksten]

Fleire rettsstridar følgde så blant dei mange Platters-gruppene. Det var no ei rekkje godkjende og omstridde utgåver av Platters, inkludert utgåvene til Sonny Turner, Zola Taylor, Ritchie Jones (medlem 1984–85), Milton Bullock (medlem 1967–70), Paul Robi (styrt av enkja hans), Jean Bennett sitt «Buck Ram Platters», Monroe Powell, Herb Reed og fleire andre grupper med ingen noverande band til den originale gruppa. Mange hadde ein gong hatt tidlegare medlemmar som no anten hadde slutta eller hadde gått bort.

Powell, som hadde turnert som The Platters, vart saksøkt av Bennett for kontraktsbrot. Bennett og Power kom til ei semje om at Powell kunne turnere, men berre som «The Platters featuring Monroe Powell».[22] I 1994 gav Jean Bennett ein lisens på namnet til ei hyllestgruppe for eit show på Sahara Casino i Las Vegas. Showet gjekk i 15 år.

Kort tid før Robi døydde av kreft i 1989, vann han ein lang rettsstrid mot Ram og fekk utbetalt kompensasjon og rett til å bruke namnet The Platters. Desse rettane vart teken frå enkja til Robi i 1997, og den eksklusive retten til å turnere som The Platters vart gjeven til Reed. Ei rekkje kjennelsar i 1999, 2002 og 200 gav Bennett retten til namnet.

Herb Reed døydde i juni 2012, 83 år gammal. Reed var den einaste i gruppa som var med på alle innspelingane til Platters. I 2011 fekk Herb Reed og selskapet hans retten til bandnamnet.[23] I 2014 og 2015 bestod Platters av Frank Pizarro, Billy Cox, Wayne Miller, Cheo Bourne og Valerie Victoria, som turnerte med gruppa.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Original besetning (1953)[endre | endre wikiteksten]

Den klassiske besetninga (1954–1970)[endre | endre wikiteksten]

Offisielle Platters-grupper[endre | endre wikiteksten]

  • Wayne Miller
  • Adele Galinda «DD» Martin
  • Lance Bernard Bryant
  • Kenny Williams

Andre besetningar[endre | endre wikiteksten]

Forskjellige variantar av The Platters hare turnert under dette namnet sidan 1970-åra. Dei følgjande er somme av gruppene som på eit eller anna tidspunkt utan løyve kalla seg The Platters:

Paul Robi's Platters

  • Paul Robi
  • Beverly Harris
  • Gerry Garrett
  • Virgil Gibson
  • Elmer Hopper[24]
Replacements
  • Tyrone Sweet
  • Herb Rawlings
  • Tommy Smiley

Sonny Turner's Platters (1970–)
The Platters featuring Monroe Powell
  • Monroe Powell
  • Wilson Williams
  • Kenn Johnson

The World Famous Platters
  • Eddie Stovall
  • Lawrence Lockard
  • JT Marshall
  • Andre Sheppard
The Platters featuring Tony Wilson[20]
  • Tony Williams
  • Helen Williams
  • Ronnie McCain aka Ronnie Forte
  • Ernie Wright

Andre tidlegare medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Kathleen Lewis
  • Kristy Brook
  • Willie McCall
  • Herb McQuay
  • Paris Red
  • Wille Nash
  • Damon Freeman
  • Sandra Dawn

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Utgjeving Titlar Listeplassering Album
Billboard Hot 100 R&B-lista UK Singles Chart Australia
Januar 1953 «Hey Now»
med «Give Thanks»
The Platters (Federal LP)
November 1954 «Voo-Vee-Ah-Bee»
med «Shake It Up Mambo»
The Platters (Federal LP)
Januar 1955 «Maggie Doesn't Work Here Anymore»
med «Take Me Back, Take Me Back»
Juli 1955 «Only You (And You Alone)»
med «Bark, Battle and Ball» (ingen album)
5 1 5 19 Encore of Golden Hits
November 1955 «The Great Pretender»
med «I'm Just A Dancing Partner» (ingen album)
1 1 5 1
Desember 1955 «I Need You All The Time
»med «Tell The World»
The Platters (Federal LP)
Februar 1956 «(You've Got) The Magic Touch»
med «Winner Take All» (ingen album)
4 4 19 Encore of Golden Hits
Juni 1956 «My Prayer» / 1 1 4 4 The Platters (Mercury LP)
Juni 1956 «Heaven on Earth» 39 13 41
August 1956 «You'll Never Never Know» / 11 9 23 18 ingen album
August 1956 «It Isn't Right» 13 10 23
November 1956 «On My Word of Honor» / 20 7 The Platters (Mercury LP)
November 1956 «One in a Million» 31 11 32 Encore of Golden Hits
Februar 1957 «I'm Sorry» / 11 15 18 The Platters (Mercury LP)
Februar 1957 «He's Mine» 16 5 ingen album
Februar 1957 «My Dream»
med «I Wanna» (frå The Platters (Mercury LP))
24 7 Encore of Golden Hits
August 1957 «Only Because»
med «The Mystery Of You» (ingen album)
65 The Flying Platters
Desember 1957 «Helpless»
med «Indiff'rent»
56 ingen album
April 1958 «Twilight Time»
med «Out Of My Mind» (ingen album)
1 1 3 1 The Flying Platters Around The World
Juni 1958 «You're Making a Mistake»
med «My Old Flame» (frå The Flying Platters Around The World)
51 ingen album
September 1958 «I Wish» / 42 More Encore of Golden Hits
September 1958 «It's Raining Outside» 93 The Flying Platters Around The World
Oktober 1958 «Smoke Gets in Your Eyes»
med «No Matter What You Are» (ingen album)
1 3 1 1 Remember When?
Februar 1959 «Enchanted»
med «The Sound and The Fury» (frå More Encore of Golden Hits)
12 9 13 Encore of Golden Hits
Mai 1959 «Remember When»
med «Love Of A Lifetime» (ingen album)
41 25 62 Remember When?
September 1959 «Where» / 44 66 More Encore of Golden Hits
September 1959 «Wish It Were Me» 61
Januar 1960 «Harbor Lights» / 8 15 11 33 Reflections
Januar 1960 «Sleepy Lagoon» 65
Mai 1960 «Ebb Tide» / 56 59
Mai 1960 «(I'll Be With You) In Apple Blossom Time» 102 Life Is Just A Bowl Of Cherries
August 1960 «Red Sails in the Sunset»
med «Sad River»
36 72 Reflections
Oktober 1960 «To Each His Own»
med «Down The River Of Golden Dreams» (frå Reflections)
21 57 More Encore of Golden Hits
Januar 1961 «If I Didn't Care»
med «True Lover» (frå Song For The Lonely)
30 95 Remember When?
1961 «Trees»
med «Immortal Love» (frå Song For The Lonely)
62 98 Life Is Just A Bowl Of Cherries
Juli 1961 «I'll Never Smile Again»
med «You Don't Say» (ingen album)
25[25] 17 Remember When?
Desember 1961 «You'll Never Know» / 109 Song For The Lonely
November 1961 «Song For the Lonely» 115
Januar 1962 «It's Magic»
med «Reaching For A Star»
91
Mai 1962 «More Than You Know»
med «Every Little Movement (Has Meaning All Its Own)»
Encore of Golden Broadway Hits
November 1962 «Heartbreak»
med «Memories» (frå The Platters Sing of Your Moonlight Memories)
ingen album
Mars 1963 «Once In A While»
«med»I'll See You In My Dreams"
The Platters Sing of Your Moonlight Memories
Juni 1963 «Here Comes Heaven Again»
«med»Strangers"
ingen album
Juni 1964 «P.S. I Love You»
«med»Sincerely"
Encore of Golden Hits of The Groups
April 1966 «I Love You 1,000 Times»
med «Hear No Evil, Speak No Evil, See No Evil» (frå Double Gold: The Best of The Platters)
31 6 I Love You 1,000 Times
September 1966 «Devri»
med «Alone In The Night (Without You)»
111 The Platters Have The Magic Touch
November 1966 «I'll Be Home»
med «(You've Got) The Magic Touch» (frå The Platters Have The Magic Touch)
97 I Love You 1,000 Times
Februar 1967 «With This Ring»
med «If I Had A Love» (frå I Love You 1,000 Times)
14 12 100 Going Back To Detroit
Juni 1967 «Washed Ashore»
med «What Name Shall I Give You My Love» (early copies)
«One In A Million» (later copies)
(Both B-sides from The Platters Have The Magic Touch)
56 29 New Golden Hits
Oktober 1967 «Sweet, Sweet Lovin'»
med «Sonata»
70 32 Sweet, Sweet Lovin'
Desember 1967 «Love Must Go On»
med «How Beautiful Our Love Is» (frå Sweet, Sweet Lovin')
Going Back To Detroit
Februar 1968 «Think Before You Walk Away»
med «So Many Tears»
I Get The Sweetest Feeling
August 1968 «Hard To Get a Thing Called Love»
med «Why»
125
Desember 1968 «Fear Of Losing You»
med «Sonata»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Larkin, Colin (Juli 4, 2006). «Platters». Oxford Music Online. Henta 13. februar 2018. 
  2. 2,0 2,1 «The Platters». Rock & Roll Hall of Fame. Henta 13. februar 2018. 
  3. «Herb Reed of vocal group The Platters dead at 83». Reuters. 13. februar 2018. Henta 13. februar 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Paul Robi (1931 - 1989)». Find A Grave Memorial. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Gilliland, John (1969). «Show 5 - Hail, Hail, Rock 'n' Roll: The rock revolution gets underway. [Part 1]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  6. «The Platters Biography». hotshotdigital.com. Henta 13. februar 2018. 
  7. «The Platters - Inductees - The Vocal Group Hall of Fame Foundation». Vocalgroup.org. Arkivert frå originalen Mars 7, 2012. Henta 13. februar 2018. 
  8. DVD release, 2007
  9. 9,0 9,1 Gilliland, John (1969). «Show 14 - Big Rock Candy Mountain: Rock 'n' roll in the late fifties. [Part 4] : UNT Digital Library» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  10. «Herb Reed Enterprises, LLC v. Florida Entertainment Management, Inc., et al». Henta 13. februar 2018. U.S. Dist. Nev. Case No. 2:12-cv-00560-MMD–GWF, Docket No. 43, Juli 24, 2012 
  11. Peter A. Grendysa, Four Platters and One Lovely Dish, p. 10.
  12. Jean L. Bennett
  13. Zola Taylor (May 1, 2007). «Zola Taylor of The Platters dies at 69». USA Today. Henta 13. februar 2018. 
  14. Zola Taylor. «Obituary». The Independent (London). Henta 13. februar 2018. 
  15. «Marv Goldberg's R&B Notebooks - PLATTERS». Uncamarvy.com. Henta 13. februar 2018. 
  16. «Beverly Harris filled in for Zola Taylor». Doo-Wop.Blogg.org. Henta 13. februar 2018. 
  17. «Paul Robi, 57; Original Singer With Platters». Los Angeles Times. 
  18. 18,0 18,1 «The Platters Information Site». Celebrity Direct Entertainment. Henta 13. februar 2018. 
  19. «Herb Reed Enters Inc, v. Monroe Powell Platters LLC». Case Text. Henta 13. februar 2018. 
  20. 20,0 20,1 Billboard, April 17, 1971
  21. «The Buck Ram Platters 2004». Arkivert frå originalen May 29, 2004. 
  22. «Herb Reed Enterprises, Inc. et al v. Monroe Powell's Platters, LLC et al». Justia. Henta 13. februar 2018. U.S. Dist. Nev. Case No. 2:11-cv-02010-PMP–RJJ, Docket No. 26, Februar 1, 2012 
  23. «Herb Reed Enterprises, Inc. et al v. Bennett et al». Justia Dockets & Filings. Henta 13. februar 2018. 
  24. «ElmerHopper.com». 
  25. I'll Never Smile Again" also made the US AC Charts at #7 in Juli 1961

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]