I Want Your Love av Eduard Romanyuta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«I Want Your Love»
Singel av Eduard Romanyuta
Land Moldova
Språk Engelsk
Låtskrivar(ar) Erik Lewander, Hayley Aitken og Tom Andrews

«I Want Your Love» er ein singel av Eduard Romanyuta.[1] Songen er skriven av Erik Lewander, Hayley Aitken og Tom Andrews.[1]

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

O Melodie Pentru Europa 2015[endre | endre wikiteksten]

«I Want Your Love» deltok i O Melodie Pentru Europa 2015, den moldovske uttakinga til Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, og vart framførd på engelsk av Eduard Romanyuta. Bidraget vann den fyrste semifinalen med 19 poeng, og gjekk vidare til finalen, der det gjekk sigrande ut med 22 poeng samt retten til å representere Moldova i Eurovision Song Contest 2015.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«I Want Your Love»
20150515 ESC 2015 Eduard Romanyuta 6073.jpg
Eurovision Song Contest 2015
Land Moldova
Artist(ar) Eduard Romanyuta
Språk Engelsk
Komponist(ar) Erik Lewander, Hayley Aitken og Tom Andrews
Låtskrivar(ar) Erik Lewander, Hayley Aitken og Tom Andrews
Resultat
Semifinalepoeng 41
Semifinaleplass 11
Finalepoeng X
Finaleplass X
Moldova i Eurovision Song Contest
«Wild Soul»
(2014)
«I Want Your Love»

Moldova vart representert av «I Want Your Love», som vann 'O Melodie Pentru Europa 2015. Bidraget vart framførd på engelsk av Eduard Romanyuta. Moldova deltok i den fyrste semifinalen og enda på ellevteplass med 41 poeng; 10 frå Georgia, åtte frå Romania, seks frå Armenia, fem frå Kviterussland, Makedonia og Serbia og to frå Albania.[1] Bidraget gjekk ikkje vidare til finalen. Hadde ein berre brukt telefonrøyster hadde bidraget enda på tolvteplass med 48 poeng, og hadde ein berre brukt juryrøyster hadde bidraget enda på 14. plass med 46 poeng.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Moldova» (engelsk). eurovision.tv. Henta 25. mai 2015. 
  2. «Eurovision 2015: Semifinal 1 Split Results» (engelsk). The Eurovision Times. Henta 26. mai 2015.