Eurovision Song Contest 2015

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurovision Song Contest 2015
Building Bridges
Offisiell tittel
60. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinale 1 19. mai 2015
Semifinale 2 21. mai 2015
Finalen 23. mai 2015
Vertskap
Stad
Wiener Stadthalle i Wien i Austerrike
Programleiar(ar)
Mirjam Weichselbraun
Alice Tumler
Arabella Kiesbauer
Conchita Wurst (Green room)
Kringkastar(ar)
Österreichischer Rundfunk
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
40
Debuterte
Australia
Attende
Kypros
Serbia
Tsjekkia
Trekte seg
Ukraina
Ikkje med
Bosnia-Hercegovina
Bulgaria
Kroatia
Slovakia
Tyrkia
Andorra
Luxembourg
Monaco
Marokko
Kart
Røysting
Null poeng
Austerrike
Tyskland
Vinnar
Sverige med «Heroes» av Måns Zelmerlöw
Eurovision Song Contest
København 2014 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg Stockholm 2016

Eurovision Song Contest 2015 (ESC 2015), offisielt 60. Eurovision Song Contest, var den 60. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Wiener Stadthalle i Wien i Austerrike, med semifinalar 19. og 21. mai og finale 23. mai 2015.[1][2][3]

Kypros, Tsjekkia og Serbia kom attende til tevlinga, medan Ukraina trekte seg. 10. februar 2015 annonserte Eurovision.tv at Australia ville debutere i tevlinga, og ville verte direktekvalifisert til finalen.[4] I tillegg fekk landet røyste i båe semifinalane og i finalen.[4]


Etter ein anspent røysteprosess, basert på eit format med 50 prosent juryrøyster og 50 prosent telefonrøyster, vann Sverige tevlinga for sjette gong, med «Heroes» av Måns Zelmerlöw. Sverige vart det fyrste landet som vann to gonger med dette formatet, og det var landet sin andre siger på fire år og i det 21. århundre. Italia vann telefonrøystinga, med Russland på andreplass og Sverige på tredjeplass. Sverige vann juryrøystinga, med Latvia på andreplass og Russland på tredjeplass. Dette var fyrste gong sidan juryen vart gjeninnført i 2009 at vinnaren ikkje vann telefonrøystinga. For fyrste gong fekk alle landa heilt ned til fjerdeplass meir enn 200 poeng. Det russiske bidraget vart det fyrste ikkje-vinnande bidraget som fekk meir enn 300 poeng. Austerrike og Tyskland vart dei fyrste landa sidan 2003 som ikkje fekk poeng i finalen. Austerrike vart òg det fyrste vertslandet som ikkje fekk poeng. Montenegro og Tsjekkia fekk sine beste plasseringar nokonsinne i denne tevlinga. 197 millionar menneske i verda over såg tevlinga, to millionar fleir enn i 2014, noko som er ny rekord.

Format[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 2011 vart det annonsert av Den europeiske kringkastingsunionen at dei hadde starta eit forsøk på å arkivere alle tevlingane sidan 1956, og at resultata vart forventa å stå klåre i god tid før Eurovision Song Contest 2015.[5] Det vart seinare annonsert at arkivet er klårt og ville verte opna på 60-års-jubileet. Innhaldet i arkivet ville vere tilgjengeleg for publikum gjennon den offisielle Eurovision-nettstaden Eurovision.tv.[6]

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste semifinalen vart kringkasta 19. mai frå Wiener Stadthalle i Wien. Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 % sjåarrøyster og 50 % juryrøyster som hadde fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen, og tre av dei direktekvalifiserte landa som kan røyste i denne semifinalen, vil kvalifisere seg til finalen. Austerrike, Australia, Frankrike og Spania måtte kringkaste og kunne røyste i denne semifinalen. EBU ville kunngjere poenga og plasseringane for kvart land etter finalen, dette for at sjåarane og juryane som skal røyste ikkje skulle verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.

# Land Artist Song Språk Omsetjing Låtskrivar Poeng Plass
01 Moldova Eduard Romanyuta «I Want Your Love» Engelsk Eg vil ha din kjærleik Erik Lewander, Hayley Aitken, Tom Andrews 041 11
02 Armenia Genealogy «Face The Shadow» Engelsk Møt skuggen Inna Mkrtchyan 077 07
03 Belgia Loïc Nottet «Rhythm Inside» Engelsk Rytmen inni Beverlo Jo Scott 149 02
04 Nederland Trijntje Oosterhuis «Walk Along» Engelsk Gå vidare Anouk Teeuwe 033 14
05 Finland Pertti Kurikan Nimipäivät «Aina Mun Pitää» Finsk Eg må alltid Pertti Kurikan Nimipäivät 013 16
06 Hellas Maria-Eleni Kyriakou «One Last Breath» Engelsk Eit siste pust Vaggelis Konstantinidis og Evelina Tziora 081 06
07 Estland Stig Rästa & Elina Born «Goodbye To Yesterday» Engelsk Farvel til gårsdagen Stig Rästa 105 03
08 Makedonia Daniel Kajmakoski «Autumn Leaves» Engelsk Haustlauv Aleksandar Mitevski og Daniel Kajmakoski 028 15
09 Serbia Bojana Stamenov «Beauty Never Lies» Engelsk Skjønnheit lyg aldri Charlie Mason 063 09
10 Ungarn Boggie «Wars for Nothing» Engelsk Krigar for ingenting Áron Sebestyén og Sára Hélène Bori 067 08
11 Kviterussland Uzari & Maimuna «Time» Engelsk Tid Yuri Navrotsky og Svetlana Geraskova 039 12
12 Russland Polina Gagarina «A Million Voices» Engelsk Ein million stemmar Gabriel Alares, Joakim Björnberg, Katrina Noorbergen, Leonid Gutkin og Vladimir Matetsky 182 01
13 Danmark Anti Social Media «The Way You Are» Engelsk Slik som du er Remee S. Jackman 033 13
14 Albania Elhaida Dani «I'm Alive» Engelsk Eg er i live Sokol Marsi 062 10
15 Romania Voltaj «De La Capăt (All Over Again)» Rumensk, Engelsk Frå byrjinga (Alt om igjen) David Mindel, Adrian Bax White, Gabriel Constantin, Călin Gavril Goia, Adrian Cristescu, Victor-Răzvan Alstani og Silviu-Marian Păduraru 089 05
16 Georgia Nina Sublatti «Warrior» Engelsk Krigar Nina Sublatti 098 04

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

Den andre semifinalen vil verte kringkasta 21. mai frå Wiener Stadthalle i Wien. Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 % sjåarrøyster og 50 % juryrøyster som har fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen, og to av dei direktekvalifiserte landa som kan røyste i denne semifinalen, vil kvalifisere seg til finalen. Australia, Italia, Storbritannia og Tyskland må kringkaste og kan røyste i denne semifinalen. EBU vil kunngjøre poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som skal røyste ikkje skal verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.

# Land Artist Song Språk Omsetjing Låtskrivar Poeng Plass
01 Litauen Monika Linkyte og Vaidas Jacob Baumila «This Time» Engelsk Denne gongen Vytautas Bikus og Monika Liubinaitė 067 07
02 Irland Molly Sterling «Playing With Numbers» Engelsk Leiker med tal Molly Sterling og Greg French 035 12
03 San Marino Michele Perniola og Anita Simoncini «Chain Of Light» Engelsk Lenkje med ljos John O'Flynn 011 16
04 Montenegro Knez «Adio» Montenegrinsk Adjø Željko Joksimović, Marina Tucaković og Dejan Ivanović 057 09
05 Malta Amber «Warrior» Engelsk Krigar Elton Zarb og Muxu 043 11
06 Noreg Mørland og Debrah Scarlett «A Monster Like Me» Engelsk Eit monster som meg Kjetil Mørland 123 04
07 Portugal Leonor Andrade «Há Um Mar Que Nos Separa» Portugisisk Det er eit hav som skil oss Miguel Gameiro 019 14
08 Tsjekkia Marta Jandová og Václav Noid Bárta «Hope Never Dies» Engelsk Håpet døyr aldri Tereza Šoralová 033 13
09 Israel Nadav Guedj «Golden Boy» Engelsk Gyllen gut Doron Madali 151 03
10 Latvia Aminata «Love Injected» Engelsk Kjærleik injisert Aminata Savadogo og Kaspars Ansons 155 02
11 Aserbajdsjan Elnur Hüseynov «Hour Of The Wolf» Engelsk Ulvens time Sandra Bjurman, Nicolas Rebscher, Nicklas Lif og Lina Hansson 053 10
12 Island María Ólafsdóttir «Unbroken» Engelsk Ubroten Ásgeir Orri Ásgeirsson, Pálmi Ragnar Ásgeirsson, Sæþór Kristjánsson og María Ólafsdóttir 014 15
13 Sverige Måns Zelmerlöw «Heroes» Engelsk Heltar Anton Malmberg Hård af Segerstad, Joy Deb og Linnea Deb 217 01
14 Sveits Mélanie René «Time To Shine» Engelsk Tid til å skinna Mélanie René 004 17
15 Kypros John Karayiannis «One Thing I Should Have Done» Engelsk Ein ting eg burde ha gjort Mike Connaris og John Karayiannis 087 06
16 Slovenia Maraaya «Here for You» Engelsk Her for deg Raay og Charlie Mason 092 05
17 Polen Monika Kuszyńska «In The Name Of Love» Engelsk I kjærleikens namn Monika Kuszyńska 058 08

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vil verte kringkasta 23. mai 2015 frå Wiener Stadthalle i Wien. Berre debutanten Australia, «dei fem store», som er sett saman av Frankrike, Spania, Storbritannia, Tyskland og Italia, og vertslandet Austerrike er direktekvalifisert til finalen. I tillegg til desse vil dei 20 beste frå dei to semifinalane delta.

# Land Artist Song Språk Omsetjing Låtskrivar Poeng Plass
01 Slovenia Maraaya «Here for You» Engelsk Her for deg Raay og Charlie Mason 039 14
02 Frankrike Lisa Angell «N'oubliez pas» Fransk Ikkje gløym Robert Goldman 004 25
03 Israel Nadav Guedj «Golden Boy» Engelsk Gyllen gut Doron Madali 097 09
04 Estland Stig Rästa & Elina Born «Goodbye To Yesterday» Engelsk Farvel til gårsdagen Stig Rästa 106 07
05 Storbritannia Electro Velvet «Still In Love With You» Engelsk Framleis forelska i deg David Mindel og Adrian Bax White 005 24
06 Armenia Genealogy «Face The Shadow» Engelsk Møt skuggen Inna Mkrtchyan 015 21
07 Litauen Monika Linkyte og Vaidas Jacob Baumila «This Time» Engelsk Denne gongen Vytautas Bikus og Monika Liubinaitė 030 18
08 Serbia Bojana Stamenov «Beauty Never Lies» Engelsk Skjønnheit lyg aldri Charlie Mason 053 10
09 Noreg Mørland og Debrah Scarlett «A Monster Like Me» Engelsk Eit monster som meg Kjetil Mørland 102 08
10 Sverige Måns Zelmerlöw «Heroes» Engelsk Heltar Anton Malmberg Hård af Segerstad, Joy Deb og Linnea Deb 365 01
11 Kypros John Karayiannis «One Thing I Should Have Done» Engelsk Ein ting eg burde ha gjort Mike Connaris og John Karayiannis 011 22
12 Australia Guy Sebastian «Tonight Again» Engelsk I kveld igjen Guy Sebastian, David Ryan Harris og Louis Schoorl 196 05
13 Belgia Loïc Nottet «Rhythm Inside» Engelsk Rytmen inni Beverlo Jo Scott 217 04
14 Austerrike The Makemakes «I Am Yours» Engelsk Eg er din Jimmy Harry, Dominic Muhrer, Paul Estrela, Florian Meindl og Markus Christ 000 26
15 Hellas Maria-Eleni Kyriakou «One Last Breath» Engelsk Eit siste pust Vaggelis Konstantinidis og Evelina Tziora 023 19
16 Montenegro Knez «Adio» Montenegrinsk Adjø Željko Joksimović, Marina Tucaković og Dejan Ivanović 044 13
17 Tyskland Ann Sophie «Black Smoke» Engelsk Svart røyk Michael Harwood, Ella McMahon og Tonino Speciale 000 26
18 Polen Monika Kuszyńska «In The Name Of Love» Engelsk I kjærleikens namn Monika Kuszyńska 010 23
19 Latvia Aminata «Love Injected» Engelsk Kjærleik injisert Aminata Savadogo og Kaspars Ansons 186 06
20 Romania Voltaj «De La Capăt (All Over Again)» Rumensk, Engelsk Frå byrjinga (Alt om igjen) David Mindel, Adrian Bax White, Gabriel Constantin, Călin Gavril Goia, Adrian Cristescu, Victor-Răzvan Alstani og Silviu-Marian Păduraru 035 15
21 Spania Edurne «Amanecer» Spansk Daggry Tony Sánchez-Ohlsson 015 21
22 Ungarn Boggie «Wars for Nothing» Engelsk Krigar for ingenting Áron Sebestyén og Sára Hélène Bori 019 20
23 Georgia Nina Sublatti «Warrior» Engelsk Krigar Nina Sublatti 051 11
24 Aserbajdsjan Elnur Hüseynov «Hour Of The Wolf» Engelsk Ulvens time Sandra Bjurman, Nicolas Rebscher, Nicklas Lif og Lina Hansson 049 12
25 Russland Polina Gagarina «A Million Voices» Engelsk Ein million stemmar Gabriel Alares, Joakim Björnberg, Katrina Noorbergen, Leonid Gutkin og Vladimir Matetsky 303 02
26 Albania Elhaida Dani «I'm Alive» Engelsk Eg er i live Sokol Marsi 034 17
27 Italia Il Volo «Grande Amore» Italiensk Stor kjærleik Francesco Boccia og Ciro Esposito 292 03

Personar som tidlegare har medverka i Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Person Land Rolle Tidlegare
tevling
Tidlegare land Tidlegare rolle Plassering i tidlegare tevling
Finalen Semifinalen
Plass Poeng Plass Poeng
Michele Perniola San Marino Artist (med Anita Simoncini) JESC 2013 San Marino Artist og låtskrivar 10 042
ESC 2014 San Marino Poengutdelar
Anita Simoncini San Marino Artist (med Michele Perniola) JESC 2014 San Marino Artist (del av The Peppermints)
Låtskrivar (med Luca Medri, Chris Lapolla, Antonello Carozza og The Peppermints)
15 021
Valentina Monetta San Marino Poengutdelar ESC 2012 San Marino Artist X X 14 031
ESC 2013 San Marino X X 11 047
ESC 2014 San Marino 24 014 10 040
Amber Malta Artist ESC 2012 Malta Støttevokalist 21 041 07 070
Uzari Kviterussland Artist (med Maimuna) ESC 2011 Kviterussland Støttevokalist X X 14 045
Anouk Nederland Låtskrivar ESC 2013 Nederland Artist
Låtskrivar (med Tore Johansson og Martin Gjerstad)
09 114 06 075
Remee S. Jackman Danmark Låtskrivar (med Chief 1) JESC 2003 Danmark Programleiar (med Camilla Ottesen)
ESC 2008 Tyskland Låtskrivar (med Hanne Sørvaag og Thomas Troelsen) 23 014 X X
ESC 2012 Danmark Låtskrivar (med Chief 1 og Isam B) 23 021 09 063
Chief 1 Danmark Låtskrivar (med Remee S. Jackman) ESC 1997 Danmark Låtskrivar 16 025
ESC 2012 Danmark Låtskrivar (med Remee og Isam B) 23 021 09 063
Tony Sánchez-Ohlsson Spania Låtskrivar (med Peter Boström og Thomas G:son) ESC 2007 Spania Låtskrivar (med Thomas G:son, Andreas Rickstrand og Rebeca Pous del Toro) 20 043 X X
ESC 2012 Spania Låtskrivar (med Thomas G:son og Erik Bernholm) 10 097 X X
Peter Boström Spania Låtskrivar (med Tony Sánchez-Ohlsson og Thomas G:son) ESC 2012 Noreg Låtskrivar (med Tooji og Figge Boström) 26 007 10 045
ESC 2012 Sverige Låtskrivar (med Thomas G:son) 01 372 01 181
Thomas G:son Spania
Georgia
Spania: Låtskrivar (med Tony Sánchez-Ohlsson og Peter Boström)
Georgia: Låtskrivar (med Nina Sublatti)
ESC 2001 Sverige Låtskrivar (med Henrik Sethsson) 05 100
ESC 2006 Sverige Låtskrivar (med Bobby Ljunggren, Henrik Wikström og Carola Häggkvist) 05 170 04 214
ESC 2007 Noreg Låtskrivar X X 18 048
ESC 2007 Spania Låtskrivar (med Andreas Rickstrand, Tony Sánchez-Ohlsson og Rebeca Pous del Toro) 20 043 X X
ESC 2010 Danmark Låtskrivar (med Henrik Sethsson og Erik Bernholm) 04 149 05 101
JESC 2010 Sverige Låtskrivar (med Arash, Robert Uhlmann og Johan Bejerholm) 11 048
ESC 2012 Spania Låtskrivar (med Tony Sánchez-Ohlsson og Erik Bernholm) 10 097 X X
ESC 2012 Sverige Låtskrivar (med Peter Boström) 01 372 01 181
ESC 2013 Georgia Låtskrivar (med Erik Bernholm) 15 050 10 063
JESC 2014 Sverige Låtskrivar (med Julia Kedhammar) 13 028
Conchita Wurst Austerrike Green room-programleiar ESC 2014 Austerrike Artist 01 290 01 169
Katharina Bellowitsch Austerrike Poengutdelar ESC 2011 Austerrike Poengutdelar
ESC 2012 Austerrike
ESC 2013 Austerrike
ESC 2013 Austerrike
ESC 2014 Austerrike
Željko Joksimović Montenegro Låtskrivar ESC 2004 Serbia og Montenegro Artist (med Ad Hoc Orchestra)
Låtskrivar (med Leontina Vukomanović)
02 263 01 263
ESC 2006 Bosnia-Hercegovina Låtskrivar (med Fahrudin Pecikoza og Dejan Ivanović) 03 229 02 267
ESC 2008 Serbia Programleiar (med Jovana Janković)
ESC 2012 Serbia Artist
Låtskrivar (med Marina Tucaković og Miloš Roganović)
03 214 02 159

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jiandani, Sanjay (Sergio). Eurovision 2015: Preliminary dates announced (engelsk). Esctoday.com. Vitja 13. april 2014.
  2. Van Eersel, Dennis. Eurovision 2015 on 12th, 14th and 16th of May (engelsk). Escdaily.com. Vitja 13. april 2014.
  3. Siim, Jarmo. Entries submitted for Eurovision 2014 (engelsk). Eurovision.tv. Vitja 13. april 2014.
  4. 4,0 4,1 Australia to compete in the 2015 Eurovision Song Contest (engelsk). Eurovision.tv (10. februar 2015). Vitja 10. februar 2015.
  5. Siim, Jarmo. EBU starts Eurovision archive project (engelks). Eurovision.tv. Vitja 13. april 2014.
  6. N., Danny. General: Archive to be opened in time for 60th Anniversary (engelsk). Escxtra. Vitja 13. april 2014.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]