Iajuddin Ahmed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Iajuddin Ahmed
bangla ইয়াজউদ্দিন আহম্মেদ
President av Bangladesh
Regjeringstid6. september 20022009
Fødd1. februar 1931 i Munshiganj
FødestadMunshiganj District
Død10. desember 2012
DødsstadBangkok
EktefelleAnwara Begum
BarnSusan Ahmed
  • Adam Ahmed
  • Imtiaz Ahmed
FøregangarJamiruddin Sircar

Iajuddin Ahmed (1. februar 193110. desember 2012) var ein bangladeshisk geolog som var president i Bangladesh frå 2002 til 2009.

Akademisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Ahmed vart fødd i landsbyen Nayagaon i Munshiganj-distriketet i Bengal i det som då var Britisk India (no i Bangladesh). Han peika seg ut som ein flink elev, og fekk gode karakterar då han tok ei bachelor-grad i 1952 og ei mastergrad i 1954 ved universitetet i Dhaka. Deretter studerte Ahmad ved University of Wisconsin-Madison i USA, der han fekk ei ny mastergrad i 1958 og ei doktorgrad i 1962. Attende ved Universitetet i Dhaka i 1963 blei han assistant professor (førsteamanusensis) ved Department of Soil Science (‘seksjon for jordbotnlære’). Året etter blei han associate professor og i 1973 professor. Ahmed hadde også opphald ved Cornell University i USA i 1983 og ved Technische Universität Berlin og Universitetet i Göttingen i 1984.

Iajuddin Ahmed forska på risdyrking, særleg verknaden av salinitet på plantar og jordbotnen. Han publiserte 125 artiklar i Bangladesh og utlandet. Ahmed var seksjonsleiar to gonger, 1968-1969 og 1976-1979, og var dekanus ved biologisk fakultet frå 1989 til 1991. Han sat seinare i fleire leiande stillingar ved Universitetet i Dhaka. Då han blei utropt til president var Ahmed tilsett som vice-chancellor (‘rektor’) ved det private State University of Bangladesh.

President[endre | endre wikiteksten]

Iajuddin Ahmed hadde vore medlem av det bengali-nasjonalistiske Language Movement då Bangladesh fekk sjølvstende. Han var aktiv i organisasjonslivet, som då han blei president for lærarlaget Teachers Association i 1990. Han var også rådgjevar for interimregjeringa i Bangladesh i 1991, og var leiar for to statlege kommisjonar og medlem i den bangladeshiske SN-delegasjonen i 1994. Ahmed Iajuddin var dermed ein respektert, kjend person utan noka kontroversiell politisk tilknyting som dei to stridande partia Bangladesh Awami League og Bangladesh National Party kunne einast om som president. Han blei utropt etter å ha vore den einaste presidentkandidaten.

I mai 2006 blei Ahmed innlagd på sjukehus med hjarteproblem. Han blei flytta til Singapore for å ta ein bypass-operasjon, og brukte fleire månader på å koma seg. BNP-politikaren Jamiruddin Sircar var mellombels president. I det spente politiske klimaet i Bangladesh blei statsminister Khaleda Zia skulda av Awami League-leiaren Sheikh Hasina for å ha «stelt i stand» heile sjukdommen slik at BNP-partiet hennar kunne ta over presidentmakta.

I oktober same året kunne ikkje dei to partia einast om ein interimstatsminister, og Iajuddin Ahmed tok til slutt tittelen som chief advisor (‘hovudrådgjevar’) for regjeringa, med sikte på å skipa til eit demokratisk val i januar neste år. Denne grunnlovsstridige handlinga førte til kraftige protestar, både frå den Awami League-leia opposisjonen og det internasjonale samfunnet, og i januar 2007 sa han frå seg stillinga til fordel for dommaren Fazlul Haque og dagen etter for økonomen Fakhruddin Ahmed.

Sidan parlamentsvalet i januar 2007 blei avlyst var det ingen parlamentsmedlem som kunne velja ein president til å erstatta Iajuddin Ahmed, og den bangladeshiske regjeringa meldte at han ville fortsetja i stillinga også etter at presidentperioden gjekk ut den 5. september 2007.

12. februar gjekk Ahmed av som president då Zillur Rahman frå Awamisambandet blei teken i eid.

Personleg[endre | endre wikiteksten]

Ahmed er gift med Anwara Begum, som er professor ved zoologi-seksjonen ved Universitetet i Dhaka. Han har tre ungar, to frå eit tidlegare ekteskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]