Ibarra Peak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ibarra Peak
fjell
Land  Antarktis
Topp Victoria Land
 - koordinatar 77°58′S 162°58′E / 77.967°S 162.967°E / -77.967; 162.967
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Ibarra Peak
77°58′00″S 162°58′00″E / 77.966666666667°S 162.96666666667°E / -77.966666666667; 162.96666666667
Ibarra Peak is located in Antarktis
Ibarra Peak (Antarktis)

Ibarra Peak er eit fjell ved enden av ryggen som strekkjer seg austover frå Royal Society Range mellom Mitchellbreen og Listerbreen i Victoria Land i Antarktis. Det vart namngjeve i 1992 av Advisory Committee on Antarctic Names etter Phillip D. Ibarra, ein kartografisk teknikar i US Geological Survey (USGS) som deltok i felten for USGS i 1988–89, 1989–90 og 1990–91. Han deltok i opprettinga av geodetisk kontroll ved Ross Island, McMurdo Dry Valleys, Amundsen-Scott-stasjonen og utanfor kysten av Victoria Land frå Cape Adare til Ross Island.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ibarra Peak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 17. oktober 2012. 
  2. Alberts, Fred G., red. (June, 1995). Geographic Names of Antarctica (PDF) (second utg.). USA Board on Geographic Names. s. 358. Henta 14. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ibarra Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).