Ibolya Csák

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ibolya Csák

Statsborgarskap Ungarn
Fødd 6. januar 1915
Budapest
Død

9. februar 2006 (91 år)
Budapest

Yrke friidrettsutøvar, telefonist
Høgd 166 centimeter
Ibolya Csák på Commons

Ibolya Csák (6. januar 191510. februar 2006) var ein ungarsk høgdehoppar, fødd og død i Budapest. Ho vart olympisk meister i øvinga i 1936 og europameister i 1938.

Csák vann høgdetevlinga for kvinner under Sommar-OL 1936 i Berlin. Ho var ei av tre kvinner som hoppa over 1,60 meter i finalen. For å kåre ein vinnar etter alle tre hadde rive tre gongar på 1,62 meter, fekk dei eit fjerde forsøk på høgda og då var Csák den einaste som klarde å ta seg over lista. Dermed vart ho den fyrste ungarske som tok OL-gull.

To år etter enda ho opphavleg på andreplass i friidretts-EM i Wien med sluttresultatet 1,64 meter. Men då det etter meisterskapen var over, vart avklart at tyske Dora Ratjen, som gjekk over 1,70 meter, hadde mannlege kjønnsorgan, vart Csák tilkjend meistertitelen.

OL-medaljar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]