Ida i Tyrkia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kazdağı
Ida
fjell
Kaz Daği på eit kart over det antikke Troas
Land  Tyrkia
Høgd 1 774 moh.
Koordinatar 39°42′N 26°50′E
Kart
Ida i Tyrkia
39°42′16″ N 26°49′45″ E
Wikimedia Commons: Mount Ida, Turkey

Ida (tyrkisk Kazdağı, Kaz Dağları eller Karataş Tepesi, gresk Ἰδα) er eit fjell nordvest i Tyrkia, søraust for ruinane av Troja, langs nordkysten av Edremitbukta. Namnet Ida er frå antikken. Det ligg mellom provinsen Balıkesir og provinsen Çanakkale. Toppen er trelaus og tregrensa er forholdsvis låg på grunn av eksponering til dårleg vêr, men fjellet har ein rik og endemisk flora. Toppen ligg 1774 meter over havet. Området er erklært nasjonalpark.

Mıhlıfossen ligg på grensa mellom Balıkesir og Çanakkale i Ida.

Fjellet har mange kjelder og er nemnd i Illiaden av Homer som «det kjelderiket Ida». Ida var i antikken tileigna gudemora Kybele, som derfor òg vert kalla «den idaiske mora». Fjellet ligg nordvest for gamle Troja, og mange av dei greske sogene frå antikken, slik som bortføringa av Ganymedes og dommen til Paris, finn stad kring fjellet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]