Idar Norstrand
Utsjånad
| Idar Norstrand | |||
| Fødd | 14. februar 1915 Bergen | ||
|---|---|---|---|
| Død | 8. september 1986 (71 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar, fagforeiningsleiar | ||
| Alle verv | |||
Idar Olav Norstrand (14. februar 1915–8. september 1986), fødd i Bergen, var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet, fagforeiningsleiar og tenestemann.
Han arbeidde som postmann frå 1934 til 1941, og seinare som sjef for personalavdelinga i Postdirektoratet, frå 1957 til 1982. Frå 1941 til 1945, under den tyske okkupasjonen av Noreg, måtte han flykte til Sverige. Der arbeidde han i den norske legasjonen i Stockholm. Frå 1946 til 1951 var han formann for Norsk Postforbund.
Regjering
[endre | endre wikiteksten]20. januar 1964 - 12. oktober 1965: Statsråd og sjef for Løns- og prisdepartementet (Løns- og prisminister) i Regjeringa Gerhardsen IV.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Idar Norstrand» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2010.