Hopp til innhald

Idiosynkrasi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Idiosynkrasi (frå gresk ιδιοσυγκρασία idiosynkrasia: idio, eigen + syn, saman + krasia, ‘blanding’) er noko som er særeige for ein enkelt person eller ei gruppe, og som hindrar denne personen eller gruppa i å bli omfatta av ein regel eller omfattast av ein kategori.

Innan psykologien viser omgrepet til egenskapar som gjer ein person annleis og særeigen samanlikna med andre.[1]

Det kan også vere ein person sin motvilje mot ein person, eit omgrep eller ein ting. Eksempel: «Sjefen avviste kategorisk å kome før klokka 9, å tilsette brunetter og å bruke tid på detaljar som rekneskap. Desse idiosynkrasiane førte til slutt til at firmaet gjekk konkurs.»

Innanfor legevitskapen er idiosynkrasi ein abnorm reaksjon mot visse stoff grunna genetisk disposisjon.[1] Det blir gjerne nytta synonymt med allergi.