Idkerberget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°22′40.429″N 15°13′37.384″E Idkerberget er ein svensk tettstad i Borlänge kommun i Dalarnas län i landskapet Dalarna. I 2005 hadde tettstaden 321 innbyggjarar. Her ligg Idkerbergets kapell, bygd i 1904, og restane av ein gruve, nedlagd 28. februar 1977.

Idkerbergets gruva[endre | endre wikiteksten]

Restane av gruva.
Gruvetårna sett frå kapellet.

Gruvedrifta byrja tidleg på 1900-talet, og det blei oppført to gruvetårn i betong i 1592 og 1954. I 1908 låg produksjonen av jernmalm på mellom 50 000 og 100 000 tonn.[1] Malmen blei frå 1902 til 1912 frakta med taubane til Ulfshyttan, men 1. oktober 1912 opna ein jernbanen Rämshyttan-Idkerbergets.[2] Gruva blei kjend i heile Sverige i samband med det store raset morgonen 16. mars 1961. I tillegg til at det lagde eit stort hol i bakken, tok raset med seg ein garasje, ni bilar og ein lekeplass. 70 personar blei evakuert, 26 personar blei heimlause, men ingen kom fysisk til skade.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]