Idsjön

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Idsjön er ein innsjø langs Gimån i Bräcke kommun i Jämtland i Sverige. Innsjøen er 10 km² stor, og ligg i ei høgd på 261 meter over havet.

Ein trur at innsjøen har vore viktig gjennom fleire tusen år av historia til Jämtland. Langs Idsjön finst fleire fortidsminne, mellom anna to gravfelt, eit titals fangstbuplassar, fangstgroper og innsjøgraver. Fangstordningar for sikfiske, såkalla vaktfiske, har ved innløpet til Gimån til innsjøen blitt praktisert kontinuerleg frå mellomalderen fram til i dag. Området er derfor utmerka som av «nasjonal interesse i kulturspørsmål».[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Z 41 Idsjön Bräcke». Länsstyrelsen i Jämtlands län. Henta 14. juni 2012.