Fornminne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fornminne er ei vanleg nytta nemning i arkeologisk og kulturhistorisk samanheng om slike gjenstandar og innretningar frå gamal tid som i vanleg tale ofte vert kalla fortidsminne, og i lovgjevinga i Noreg vanlegvis vert kalla kulturminne. Kulturminne som er eldre enn frå 1537, det vil seie at dei er eldre enn reformasjonen, er i Noreg freda i kraft av kulturminnelova uten at det er naudsynt med vedtak frå vedkomande styresmakt i kvart einskilde høve. Typiske fornminne av dette slaget er gravhaugar, gravfelt, rydningsrøyser, helleristingar, fangstgroper, hustufter, vegfar og andre spor og leivningar på og under jordoverflata etter menneskeleg aktivitet i gamal tid. Det er ikkje lov å gjere inngrep i slike såkalla faste fornminne uten at rett styresmakt har gjeve løyve til det, om naudsynt etter fyrst å ha gjort arkeologiske granskingar eller utgravingar, eller å fjerne gjenstandar og materiale frå slike faste fornminne. Lause gjenstandar som vert funne tilfeldig og utan samanheng med faste fornminne, skal overleverast til rette styresmakt, som er den lokale fylkeskonservatoren (i fylkeskommunen) eller eit av de fem arkeologiske musea i Noreg, der ein òg vil kunne få råd og rettleiing.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]