If You Talk in Your Sleep

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«If You Talk in Your Sleep» er ein song på albumet Promised Land av Elvis Presley frå 1975. Han vart spelt inn under innspelinga ved Stax Records i Memphis i Tennessee i desember 1973. Songen vart gjeven ut på singel i Nord-Amerika den 10. mai 1974, med B-sida «Help Me», og nådde sjetteplassen på Billboard Country Singles-lista i juni 1974 og 17. plassen på Billboard Pop Singles-lista i august 1974. Songen var skriven av Red West og Johnny Christopher.

Songen vart spelt inn av Little Milton og nådde 34. plassen på Billboard soul singles-lista i april 1975.[1] [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bowman, Rob (1997), Soulsville U.S.A.: The Story of Stax Records, New York: Schirmer Trade Books, ISBN 0-02-860268-4 
  • Whitburn, Joel (2006), The Billboard Book of Top 40 Country Hits, New York: Billboard Books, ISBN 0-8230-8291-1 
  1. «Elvis Presley - If You Talk In Your Sleep». youtube.com. Henta 24. juni 2017. 
  2. «Review». elvis.com.au. Henta 24. juni 2017.