Promised Land av Elvis Presley
| Promised Land Studioalbum av Elvis Presley | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 8. januar 1975 | |
| Innspelt | 10-15. desember 1973 | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 28:17 | |
| Selskap | RCA Records | |
| Produsent | Felton Jarvis | |
| Elvis Presley-kronologi | ||
|---|---|---|
| Having Fun with Elvis on Stage (1974) |
Promised Land | Today (1975)
|
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| AllMusic | |
| MusicHound | |
| Rough Guides | |
Promised Land er eit album frå 1975 av Elvis Presley på RCA Records. Det vart spelt inn i desember 1973 i Stax Records sitt studio i Memphis og gjeve ut på 40-årsdagen til Presley. Songane vart henta frå nest øvste hylle etter innspelinga han hadde i Memphis i desember 1973. Dei songane som vart rekna som dei beste var alt gjevne ut på Good Times. Tittelsporet, eit cover av Chuck Berry sin song frå 1965, hadde vore gjeve ut tidlegare på singel, den 27. september 1974, og nådde då 14. plassen på Billboard Hot 100 og topp 10 i Storbritannia. B-sida, «It's Midnight», nådde niandeplassen på countrylista. Ein annan hitsingel frå albumet var «If You Talk in Your Sleep», som nådde 17. plassen på Billboard Hot 100. I USA nådde albumet berre 47. plassen på Billboard Top 200, men gjekk til topps på Billboard's Top Country LPs-lista. Albumet nådde òg toppen av Country Cashbox album-ista. I Storbritannia nådde albumet 21. plassen på albumlista.
I 2011 gav FTD (Follow That Dream) ut ein utvida versjon av albumet, med 48 spor.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Originalutgåve
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 1. | «Promised Land» | Chuck Berry | 15. desember 1973 | 2:57 |
| 2. | «There's a Honky Tonk Angel (Who'll Take Me Back In)» | Troy Seals, Denny Rice | 15. desember 1973 | 3:01 |
| 3. | «Help Me» | Larry Gatlin | 12. desember 1973 | 2:27 |
| 4. | «Mr. Songman» | Donnie Sumner | 12. desember 1973 | 2:08 |
| 5. | «Love Song of the Year» | Chris Christian | 12. desember 1973 | 3:33 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 1. | «It's Midnight» | Billy Edd Wheeler, Jerry Chesnut | 10. desember 1973 | 3:21 |
| 2. | «Your Love's Been a Long Time Coming» | Rory Bourke | 15. desember 1973 | 3:47 |
| 3. | «If You Talk in Your Sleep» | Red West, Johnny Christopher | 11. desember 1973 | 2:35 |
| 4. | «Thinking About You» | Tim Baty | 12. desember 1973 | 3:00 |
| 5. | «You Asked Me To» | Waylon Jennings, Billy Joe Shaver | 11. desember 1973 | 2:52 |
Follow That Dream-utgåva
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]
|
|
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Promised Land (Elvis Presley album)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juni 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (red.) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 150. ISBN 1-84353-417-7.
- ↑ «Elvis Presley Albums». Softshoe-slim.com. Arkivert frå originalen 18. februar 2012. Henta 11. januar 2012.