If av Bread

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
If
Singel av Bread
frå albumet Manna
Utgjeve 1971
Sjanger Soft rock
Låtskrivar(ar) David Gates

«If» er ein poprocksong skriven av den amerikanske songar-låtskrivaren David Gates i 1971. Den første populære versjonen art spelt inn av gruppa hans Bread, og nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 då han kom ut på singel i 1971. Songen låg òg tre veker på toppen av Easy Listening-lista.[1]

Songen har blitt spelt inn av andre songarar og musikarar, som Petula Clark, Sergio Franchi, Cleo Laine, Perry Como, Frank Sinatra, Tom Jones, Jack Jones, Shirley Bassey, Herbie Mann, Julio Iglesias, Joe Pass, Ryoko Moriyama, Westlife, Olivia Newton-John, Dolly Parton, Scott Walker, Andy Williams, Frankmusik, og Damien Leith.

Telly Savalas spelt inn ein nesten munnleg versjon av songen som nådde toppen av UK Singles Chart og låg der i to veker i mars 1975. Ein parodiversjon av Savalas-versjonen vart spelt inn av Chris Sanford og Bill Mitchell som Yin and Yan[2], og nådde 25. plassen i Storbritannia[3].

I USA er versjonen til Bread den kortaste songtittelen som nådde Topp 10 fram til 1993, då Prince nådde sjuandeplassen med «7», og sidan av Britney Spears som nådde toppen av lista med «3» i 2009.

«If» har vore mykje nytta i bryllaup sidan han kom ut.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 39. 
  2. http://www.chrissandford.com/about
  3. http://www.discogs.com/Yin-And-Yan-If/release/1103585
  4. Weddings: First Dance Songs, About.com.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]