Igor Stravinskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Igor Stravinskij

Igor Fjodorovitsj Stravinskij (fødd 17. juni 1882 i Oranienbaum i Russland, død 6. april 1971 i New York) var ein russisk komponist, som av mange, både i Vesten og i fødelandet, blir sett på som den viktigaste komponisten frå 1900-talet. Han var ein kosmopolitisk russar, som i tillegg til å få heider for komposisjonane sine, òg blei kjent som pianist og dirigent, ofte under premierane av verka sine.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Komponisten Stravinskij er kjend for det stilistiske mangfaldet. Han fekk fyrste gong internasjonal merksemd med tre ballettar gitt i oppdrag av impresarioen Sergej Djagilev og framført av Djagilevs Ballets Russes (Russisk Ballett): Eldfuglen (L'Oiseau de feu, 1910, koreografi Michel Fokine), Petrusjka (1911, koreografi Michel Fokine), og Vårofferet (Le sacre du printemps, 1913, koreografi Vatslav Nizjinskij). Vårofferet forandra måten komponistar tenkte om rytmisk struktur; Maurice Ravel har stadfesta dette. I tillegg kom Ballets Russes-ballettane Pulcinella (1920, koreografi Léonide Massine), Renard (1922, koreografi Bronislava Nizjinska) og Noces (1923, koreografi Bronislava Nizjinska).

Musikken til Stravinskij er prega av ein tonalitet tøygd til grensepunktet, med omfattande bruk av overliggjande triklangar, og rytmikken er ofte asymmetrisk med mange skeive taktartar. Han var ein meister til å orkestrere, og var svært kjend med registeret til instrumenta. Han visste koss han skulle nytta seg av instrumenta for å skapa nye klangar, for eksempel skreiv han ofte i det ytste leie til instrumenta.

Stravinskij gir eksempel på dei fleste viktige musikalske tendensar i fyrste halvdel av det 20. hundreåret. Produksjonen hans blir ofte delt inn i tre eller fire periodar:

  • Russisk periode (1905–1913): Med ballettane: Eldfuglen, Petrusjka, Vårofferet.
  • Ein periode eller overgangsperiode med fokus på mindre instrumentsamansetjingar (1913 – ca 1920): Her dukkar påverknaden frå jazz opp for fyrste gong.
  • Neoklassisk eller europeisk periode (ca. 1920–ca. 1952): Kvart nye verk har sin spesielle idé, og teknikken i verket blir utarbeidd frå denne ideen. Dette fører til individuell form, instrumentsamansetjing, klangfarge og harmonikk.
  • Seine verk, eller den amerikanske perioden (ca. 1952–1970): Stravinskij la til seg Schönbergs og Weberns teknikkar (mellom anna 12-toneteknikken). Dessutan skreiv han eit verk for jazz-storbandet til Woody Herman. Han nemner dessutan bl.a. jazz-trompetisten Shorty Rogers (Milton Rajonski).

Stiltrekk[endre | endre wikiteksten]

Rytme[endre | endre wikiteksten]

  • Frigjering frå tyranniet i taktstrekane"
  • Uregelmessige, skiftande taktartar
  • Uregelmessige rytmiske mønster vekslar med regelmessige
  • Kompliserte rytmiske mønster
  • Omfattande bruk av pausar

Harmoni[endre | endre wikiteksten]

  • Tonale sentra
  • Tvetydige akkorder
  • Dur- og moll-ters samtidig eller om kvarandre
  • Diatonisk, modal og kromatisk melodikk

Orkestrering[endre | endre wikiteksten]

  • Uvanlege samansetningar av instrument
  • Spesiell farge som karakter på eit stykke
  • Unngår ofte den varme, romantiske strykarklangen

Viktige verk[endre | endre wikiteksten]

  • Symfoni i Ess (1902-8)
  • Feu d’artifice. (1908)
  • Eldfuglen (1910)
  • Petrusjka (1911)
  • Vårofferet (1913)
  • L’Histoire d’un soldat (1918
  • Symphony for Wind Instruments (1921)
  • Concerto for piano and wind instruments (1923/24)
  • Capriccio for piano and orchestra (1928/9)
  • Concerto for two solo pianos (1931/5)
  • Pater noster, Credo og Ave Maria (1926-34)
  • Salmesymfonien (1930)
  • Concerto in D, fiolinkonsert (1931)
  • Duo concertante (1932)
  • The Card Party (1937)
  • Dumbarton oaks (1937)
  • Four Norwegian Moods (1942)
  • Circus Polka (1942)
  • Ode (1943)
  • Scherzo a la russe (1944)
  • Bidrag til Genesis (1944)
  • Scènes de ballet (1944)
  • Symphony in Three Movements (1942-5
  • Nyutgjevingar/versjonar av eldre verk: (1946-49)
    • Petrusjka (for mindre orkester) (1946)
    • Symphony for Wind Instruments (1947)
    • Apollo (1947)
    • Pulcinella (1947)
    • Oedipus Rex (1948)
    • Symphony of Psalms (1948)
    • Capriccio (1949)
  • Concerto in D for strykeorkester (1945)
  • Messe (1944-48)
  • The Rake’s Progress (1951)
  • Requiem Canticles (1966)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!