Hopp til innhald

Lomonosov i Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lomonosov
Ломоносов
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt St. Petersburg
Areal 35 km²
Folketal 39 088 (2023)[1]
Grunnlagd 1710
   Bystatus 1780
Retningsnummer +7 812
Kart
Lomonosov
59°55′00″N 29°46′00″E / 59.916666666667°N 29.766666666667°E / 59.916666666667; 29.766666666667
Wikimedia Commons: Lomonosov town

Lomonosov (russisk Ломоно́сов) er ein by i den føderale byen Sankt Petersburg i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg ved sørkysten av Finskebukta, rundt 30 km vest for sentrum av St. Petersburg.

Byen heitte Oranienbaum (russisk: Ораниенба́ум) til 1948. I byen ligg eit 1700-tals park- og palass-kompleks (Oranienbaum). Palasset er det einaste av dei kjende palassa rundt St. Petersburg som ikkje vart teken av tyskarane under den andre verdskrigen.

Kammenoje-paviljongen ved palasskomplekset Oranienbaum.

Det opphavlege namnet på byen er Oranienbaum, som tyder «appelsintre» på tysk (på dagens tysk er ordet Orangenbaum). Namnet gjaldt først palasskomplekset, som hadde drivhus for eksotiske planter. Det noverande namnet er for å ære vitskapsmannen, diktaren og glasblåsaren Mikhail Lomonosov. I 1754 grunnla Lomonosov ein fabrikk for farga glas ved Oranienbaum, i landsbyen Ust-Ruditsa.

Det store palasset med den nedre parken er eit utsøkt døme på eit kunstnerisk kompleks frå første fjerdedel av 1700-talet. Det vart bygd i perioden 1710–1725 vis-a-vis Kronstadt, nær keisarresidensen Peterhof.

Kjende personar frå Lomonosov

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Lomonosov i Russland