Iktyologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Verket Ichthyologia frå 1738 var hovudverket til Petrus Artedi, iktyologien sin far

Iktyologi (av gresk ιχθύς, ichthys, ’fisk’) er vitskapen som studerer fisk. Vitskapen er ein del av zoologien, og er spesielt retta mot grunnleggande studium av den biologiske systematikken til fiskane, i tillegg til morfologien, biogeografien, åtferda og økologien deira. Det finst om lag 25 000 beskrivne artar fisk i verda i dag, og rundt 250 nye vert registrert årleg.

Den svenske biologen Petrus Artedi, som var ein av Carl von Linné sine studentar, er rekna som grunnleggar av iktyologien gjennom sitt verk Ichthyologia frå 1738.

Sidan fisk lever i vatn er iktyologien nært forbunden med marinbiologien og limnologien.