Ina Breivik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ina Breivik
Fødd1961 (63 år)
Verka somkomikar

Ina Breivik (fødd 1961) er ein norsk komikar og skodespelar. Ho er dagleg leiar i The Margots AS.

Komiprisen[endre | endre wikiteksten]

Ina Breivik har hatt ei rekkje nominasjonar i Komiprisen. Under Komiprisen 2006 var Breivik nominert som beste kvinnelege artist – revy og komedie. Året etter, i 2007, var Tres Amigas (med Linn Skåber, Ina Breivik og Lene Kongsvik Johansen) nominert til beste framsyning på scene. I 2008 var Breivik igjen nominert som beste kvinnelege artist – revy og komedie. Showet hennar, Margot – The Show, var òg nominert innanfor kategorien "Beste framsyning, scene". Under Komiprisen 2013 vart Breivik nominert til beste kvinnelege artist, revy og komedie Scene. I 2016 vart Breivik igjen nominert som Årets kvinnelege scenekomikar med showet Margot - alt i boks.[1][2]

Show[endre | endre wikiteksten]

I 2009 medverka Breivik i «Hope/Breivik tur retur» (saman med Christine Hope).

Breiviks show Margot fekk terningkast 6 av Bergens Tidende.[3]

I oktober 2021 var Breivik aktuell i eit nytt show, Slipper Margot løs på helsevesenet, saman med Simon Andersen.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hyttebakk, Jon Marius (30. april 2016). «Pernille Sørensen er Årets morsomste» (på norsk bokmål). Henta 19. oktober 2021. 
  2. Hyttebakk, Jon Marius (6. april 2016). «Ylvis kan vinne stort under Komiprisen» (på norsk bokmål). Henta 19. oktober 2021. 
  3. «Ina Breivik» (på norsk). Henta 19. oktober 2021. 
  4. Hovik, Hilde (14. oktober 2021). «(+) Slipper Margot løs på helsevesenet». Henta 19. oktober 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]