Indigirka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Indigirka
elv
none  Nedslagsfeltet til Indigirka
Nedslagsfeltet til Indigirka
Land Flag of Russia.svg Russland
Lengd 1 726 km
Nedslagsfelt 360 400 km²
Middelvassføring 1 810 /s
Munning Aust-Sibir-havet
Wikimedia Commons: Indigirka River

Indigirka (russisk Индиги́рка) er ei elv i Sakha i Russland. Elva er 1726 km lang og har eit nedslagsfelt på 1 810 km². Elva har ei middelvassføring på 1810 m³/s.

Ho munnar ut i Aust-Sibir-havet. Indigirika frys til i oktober og er islagd til mai eller juni. Elva er rik på fisk. Dei viktigaste byane langs elva er Khonuu, Druzjina, Tsjokurdakh, Tabor. Det føregår leiting etter og utvinning av gull i nedslagsfeltet hennar

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den isolerte landsbyen Russkoje Ustje, som ligg nær munningen til Indigirika i Nordishavet, er kjend for den unike tradisjonelle kulturen til dei russiske innbyggjarane. Forfedrane deira kom til staden for fleire hundreår sidan.

I 1892-1894 utførte Baron Eduard Von Toll geologiske undersøkingar rundt Indigirika, i tillegg til andre elvar i området, på vegne av Det russiske vitskapsakademiet. I løpet av eitt år og to dagar dekte ekspedisjonen 25 000 km.

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Kujdusun, Kjuente, Elgi, Nera, Moma, Badjarikha, Selenijakh og Ujandina.

Deltaet[endre | endre wikiteksten]

Der Indigirka renn ut i Aust-Sibir havet har det vorte laga eit stort delta med mange kanalar og flate øyar.

Dei største øyane er (fra vest mot aust):

Kjelder[endre | endre wikiteksten]