Indoeuropearar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skjema for den indoeuropeiske folkevandringa frå rundt 4000 f.Kr. til 1000 f.Kr. i føgje Kurgan-hypotesen. Det purpurfarga området svarar til det ein reknar med er opphavsstaden deira og det raude til området som kan ha blitt folkesett av indoeuropeisketalande folkeslag fram til rundt 2500 f.Kr. Det oransje området viser tilsvarande stader ved 1000 f.Kr.

Indoeuropearar (tysk Indogermanen, tidlegare engelsk Aryans) viser til alle folkegrupper som talar indoeuropeiske språk. I snevrare tyding viser nemninga til protoindoeuropearar, ei tenkt gruppe folk som tala opphavsspråket til dei indoeuropeiske språka. Ein tenkjer seg at desse folk levde på 2000- eller 3000-talet f.Kr.

Ein veit lite om samfunnstilhøva, den nøyaktige heimstaden og den antropologiske karakteren til indoeuropearane. Ein kan likevel danna seg eit bilde av nokre delar av levemåten deira gjennom det ordforrådet som er felles i dei eldste indoeuropeiske språka. Dei verker å ha kjend til husdyr som hest, okse, sau, geit og hund, medan det er funne færre ord som tyder på kjennskap til åkerbruk. Vidare har dei tydelegvis kjend til metallet kopar, men ikkje jern, slik at ein kan plassera folkegruppa ved overgangen frå stein- til bronsealderen. Dei kjende månetidsrekning, og teljemåten bygde i det vesentlege på 10-talsystemet. Religionen deira var polyteistisk, med mange liknande gudenamn.

Indoeuropearane kan opphavleg ha kome frå Asia, og kan ha budd ei tid i området nord for Kaspihavet og Svartehavet. I ein ekspansjonsperiode som må ha byrja før 2000 f.Kr. kom indoeuropearane til Vest-Asia og India, til Balkan og store delar av øvrige Europa. Her har språka og kulturen deira ofte fortrengd tidlegare folkeslag. I Norden verker indoeuropearane å vera representert ved stridsøksfolka.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Indoeuropeere» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. september 2014.
Spire Denne språkartikkelen som har med historie å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.