Indre Selfjorden

Koordinatar: 69°10′49.811″N 17°6′19.332″E / 69.18050306°N 17.10537000°E / 69.18050306; 17.10537000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

69°10′49.811″N 17°6′19.332″E / 69.18050306°N 17.10537000°E / 69.18050306; 17.10537000 Indre Selfjorden er den inste delen av Selfjorden i Senja kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 6 km nordaustover til Selfjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Salbergneset i nord og Lomsneset i sør. Bortsett frå eit par hus inst i fjorden er det ingen busetnader langs fjordsidene. Fjordsidene er elles bratte og høge. På nordsida ligg Salberget (708 moh) og Kvænan (796 moh). På sørsida ligg Luten (739 moh), Grinda (875 moh), Hatten (639 moh) og Lomstinden (756 moh).