Influensavirus A (H10N7)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

H10N7 er ein undertype av influensavirus A. Viruset råka menneske første gong i Egypt i 2004. Der førte det til sjukdom i to eittårige spedbarn, og far til eit av desse var fjørfekjøpmann.[1] Det andre utbrotet og det første i USA råka to kalkungardar i Minnesota, 1979, med eit tredje utbrot i 1980. Dei kliniske sjukdomsteikna varierte frå alvorlege, med ein dødsprosent på 31, til subkliniske. Virus med antigene likskapar vart isolerte frå elles friske stokkender frå ein dam i nærleiken av gardane.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «EID Weekly Updates - Emerging and Reemerging Infectious Diseases, Region of the Americas». Pan American Health Organization. 7. mai 2004. Henta 20. oktober 2007. 
  2. Karunakaran D, Hinshaw V, Poss P, Newman J, Halvorson D (1983). «Influenza A outbreaks in Minnesota turkeys due to subtype H10N7 and possible transmission by waterfowl». Avian Dis. (American Association of Avian Pathologists, Inc.) 27 (2): 357–66. 
Spire Denne virusartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.