Ingo Schultz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingo Schultz

Ingo Schultz Istaf Berlin (2265188681).jpg

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 26. juli 1975 (46 år)
Lingen
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004

Utmerkingar

Silbernes Lorbeerblatt

Ingo Schultz (fødd 26. juli 1975) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Lingen i Niedersachsen. Han vart europameister på 400 meter i 2002, året etter han vann VM-sølv på same distansen.

Schultz sette personleg rekord med 44,66 sekundar då han vann semifinalen under VM i friidrett 2001 i Edmonton. I finalen sprang han i mål til sølvmedalje med tida 44,87, einast Avard Moncur frå Bahamas sprang fortare med sine 44,64 sekundar. Året etter vann Schultz gullmedaljen på distansen då EM i friidrett 2002 vart avvikla i München. Vinnartida hans vart 45,14, 0,10 sekund betre enn det andremann i løpet fekk notert. Schultz var elles del av det tyske mannskapet som enda på sjuandeplassen i 4 x 400 meter stafett, same plasseringa fekk han og lagkameratane i stafetten under Sommar-OL 2004 i Aten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]