Ingrid Bolsø Berdal
Utsjånad
| Ingrid Bolsø Berdal | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 2. mars 1980 (46 år) Utøy |
| Yrke | skodespelar, songar, teaterskodespelar, kjendis |
| Språk | norsk |
| Nettstad | http://www.ingridbb.com/ |
| Ingrid Bolsø Berdal på Commons | |
Ingrid Bolsø Berdal (fødd 2. mars 1980) frå Utøy i Inderøy kommune i Nord-Trøndelag er ein norsk skodespelar.
Ho har mellomfag i musikk frå NTNU og skodespelarutdanning frå Statens teaterhøgskole i 2001–2004. Bolsø Berdal vart tilsett ved Det Norske Teatret frå 2004. Ho mottok Heddastipendet som årets debutant i 2005. Ho har ein av hovudrollene i filmen Søner (2006). På teateret hadde ho ei av hovudrollene i musicalen Hair som vart spelt hausten 2006. Bolsø Berdal har ei hovudrolle i filmen Fritt vilt. I januar 2008 var Bolsø Berdal med i stykket Yvonne på Det Norske Teatret.
Ho har vunne trøndersk meisterskap i rock med bandet Crescent Moon. I 2008 vart Bolsø Berdal kåra til årets mest sexy trønder av Adresseavisen.
Filmar
[endre | endre wikiteksten]- Going Postal (2009)
- Svik (2009)
- Wide Blue Yonder (2009)
- De gales hus (2008)
- Fritt vilt II (2008)
- Wide Blue Yonder (2008)
- Fritt Vilt (2006)
- Søner (2006)
- Gymnaslærer Pedersen (2006)
TV
[endre | endre wikiteksten]- Hjarte til Hjarte 2 (2010)
- Kodenavn Hunter 2 (2008)
- Thomas P (2007)
- Eva og Adam (2007)
- Kodenavn Hunter (2006)
Prisar
[endre | endre wikiteksten]- Heddastipendet 2005
- Amandaprisen for beste kvinnelege skodespelar, Fritt Vilt, (2007)
- Dialektprisen (2007)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ingrid Bolsø Berdal» frå Wikipedia på bokmål, den 26. april 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- www.nto.no Årets debutant 2005 Ingrid Bolsø Berdal Arkivert 2009-04-16 ved Wayback Machine.
- Offisiell nettstad