Ingrid Salvenmoser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingrid Salvenmoser

Ingrid Salvenmoser 2012.jpg

Statsborgarskap Austerrike
Fødd 28. mars 1967
Scheffau am Wilden Kaiser
Idrett alpint
Yrke alpinist

Ingrid Salvenmoser (fødd 28. mars 1967) er ein austerriksk tidlegare skirennar frå Scheffau am Wilden Kaiser i Tirol som vann bronsemedaljen i slalåm under VM i alpine greiner 1991 i Saalbach-Hinterglemm.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Salvenmoser debuterte i verdscupen i alpine greiner i januar 1985, og fekk ein oppsiktsvekkande sterk femteplass i storslalåmrennet i franske St. Gervais. Gjennom ei lang tid som aktiv kom ho seks gongar på sigerspallen i verdscupen, men lukkast aldri å vinne noko renn.

I åra frå 1989 til 1999 deltok Salvenmoser i spesialøvinga slalåm i samtlege seks verdsmeisterskapane, samt i Vinter-OL 1998 i Nagano, dessutan var ho i fleire av meisterskapane også med i storslalåm. Trass i fleire gode renn vart ho ståande att med den bronsemedaljen ho sikra seg som beste austerrikar i slalåm då alpint-VM 1991 vart arrangert i heimlandet.

Salvenmoser vann tre nasjonale meistertitlar. I 1988 vart ho austerriksk meister i storslalåm, medan ho tre år seinare vart dobbeltvinnar gjennom sigrar i både storslalåm og slalåm.

Ho la opp som aktiv i 2001.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar