Ingvald Aarstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingvald Aarstad
Fødd 27. oktober 1853
Død

23. februar 1938

Tønnes Ingvald Tønnesson Aarstad (27. oktober 185323. februar 1938) var ein norsk telegrafist og stortingsmann frå Eigersund for partiet Høgre.

Aarstad var son til ein gardbrukar. Han tok telegrafisteksamen i Stavanger i 1872 og offiser-eksamen i 1874. Frå 1873 var han telegrafist i Eigersund, der han var telegrafstyrar frå 1898. I 1906 fekk han tilsvarande stilling i Drammen.

Aarstad tok i 1878 initiativet til stiftinga av Egersund skog- og treplantingsselskap og var formann heile vegen til han flytta frå staden i 1906. Periodane 1886-94 og 1897-1906 var Aarstad medlem i Eigersund heradsstyre. Han var stortingsrepresentant frå Stavanger amt 1900-03 og 1903-06, alle åra var han medlem i Jarnbanekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]