Ingvald Ytterstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingvald Ytterstad
Fødd 5. februar 1866
Lødingen
Død

15. juli 1952

Yrke politikar

Ingvald Gerhard Eilertsson Ytterstad (5. februar 186615. juli 1952) var ein norsk gardbrukar og fiskar frå Lødingen som representerte Nordland fylke og Frisinna VenstreStortinget 1925-27 og siste delen av 1929-sesjonen.

Ytterstad var son til ein gardbrukar og fiskar, og skulle kom til å fylgje faren i næringsvegen. Frå 1882 dreiv han Lofot-fiske, allereie i 1885 var han høvedsmann under Lofot- og Finnmarks-fisket. Han skulle kome til å drive fiske i 58 år, 41 av dei som notformann og notreiar. I tillegg var han frå 1906 gardbrukar på Ytterstad, då han kjøpte farsgarden.

Ytterstad var medlem av heradsstyret i Lødingen frå 1909 til 1937. Tingperioden 1925-27 møtte han på Stortinget frå Nordland og for partiet Frisinna Venstre, medlem i Lønningskomiteen. Han lukkast ikkje å sikre seg fast plass for ein ny stortingsperiode, men var varamann 1928-30. Ytterstad møtte då i 1929-sesjonen frå 8. april.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]