Ingvar Hestnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingvar Hestnes
Fødd 30. mars 1904
Død

27. februar 1990

Yrke musikar

Ingvar Hestnes (30. mars 190427. februar 1990) var ein norsk spelemann frå Valsøyfjorden i Halsa kommuneNordmøre.

Ingvar Hestnes vart fødd i 1904 av foreldra Nils Hestnes (bonde og stortingsmann) og Anne Skogset. Han vart interessert i felespel som 8-åring, men den første tida spela han berre på ei fjølfele som ein eldre bror hadde laga åt han, og seinare i barndommen vart det mest spel på tyskfele (flatfele, vanleg fele). Da han var 19 år gammal, kjøpte faren ei hardingfele åt han gjennom kristiansundsspelemannen Nils Bakke, og det var hardingfela som kom til å stå hjarta hans nærmast.

Han spela folkemusikk frå Nordmøre med hovudvekt på tradisjonen etter Holger Aresvik, Hallvard Ørsal og Erik Almhjell, men sette eit sterkt personleg preg på slåttane gjennom framføringsstilen sin. Ein av dei slåttane han sette mest preg på var det som var kjent som «Bruramarsj frå Valsøyfjord», men han hadde òg ein svært ekspressiv vri på sunndalsslåtten «Grølislåtten». I tillegg spela han ein del gammaldans og laga ein del eigne melodiar — slik som valsane «Drømmaren» og «Fjellvandraren».

I kappleikssamanheng har han vunne 1. premie i hardingfele (Fylkeskappleiken i Møre og Romsdal), 2. premie i hardingfele (Fylkeskappleiken 1967 og 1969) og 2. premie i vanleg fele (Distriktskappleiken 1968, Fylkeskappleiken 1971).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]