Gammaldans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gammaldans eller runddans er eit samleomgrep for europeiske danseformer som kom til Noreg frå slutten av 1700-talet og utover. Gammaldanstradisjonen blir ofte forbunde med trekkspel-/toradarbasert musikk, og typiske danseformer er reinlender, vals, masurka og polka.

Runddanstradisjonen er på ingen måte eintydig, samstundes kan det vel seiast at uttrykket slik vi møter det her i nord er ulike sjatteringar av interessante samanblandingar mellom europeisk og bygdenorsk kultur. På han eine sida kan runddanstradisjon liggje tett opp mot den tradisjonelle hardingfele-/felebaserte bygdedanstradisjonen. På den andre sida kan gammaldanstradisjonen liggje nær det moderne dansebanduttrykket. Og i mellom desse ytterpunkta er det stor variasjonsrikdom.

«Byslåttar» og «bydans»[endre | endre wikiteksten]

Felespelarar på 1800-talet kunne kalle runddansmusikk for «byslåttar», og fleire av dei spela ein og annan byslått innimellom dei andre slåttane. Så vart det høve for å få svinga seg i ein «bydans» for dei som hadde lært seg litt. Byslått-tradisjonen vart til dels utvikla på den eldre bygdedansen sin premissar, både med tanke på innhald, form, bruk og funksjon.

Instrument[endre | endre wikiteksten]

Utpå 1800-talet kom munnspelet, einradaren og toradaren til Noreg. Særleg vart toradaren populær som dansespelinstrument. Han gav frå seg relativt mykje lyd, og den eldre bygdedansen hadde fått konkurranse.

Så kom trekkspelet, eller accordeonet som det òg blir kalla i meir klassiske samanhengar. Trekkspelet hadde ein haug med tonar, standardbass og melodibass.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]