Ingvild Broch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingvild Broch
Fødd1939
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

Ingvild Broch (fødd i 1939) er ein norsk akademikar som mellom anna har vore fyrsteamanuensis i russisk og forskningsdirektør ved UiT.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Broch flytte til Tromsø i 1972 då ho vart tilbode ei stilling ved universitetet.[1] Der har ho undervist i russisk i ei årrekkje. Ho har også forska på russenorsk, og gjeve ut bøker om pigdinspråket saman med Ernst Håkon Jahr. I 1994 vart ho tilsett som den fyrste forskningsdirektøren ved UiT, og sat i denne stillinga fram til 2004.[2]

Pomor-universitetet i Arkhangelsk utnemnde Broch til æresdoktor i 1996, og Det Nordlege Føderale Universitet i Arkhangelsk gav ho same utmerking i 2011.[2][3] I 1999 vart ho tildelt Pusjkin-medaljen av Den internasjonale organisasjonen for russisklærarar.[4]

Broch er gift med matematikaren Ben Johnsen. Saman har dei skrive boka Sopp og sopp om soppens kulturhistorie, som kom ut i 1986.[5]

Grandonkelen hennar var språkforskaren Olaf Broch.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eivind Bråstad Jensen (2018). «Intervju med Ingvild Broch». Universitetspionerene. Ravnetrykk. s. 60–67. ISBN 978-82-91378-45-9. 
  2. 2,0 2,1 «Pionerer». UiT – Noregs arktiske universitet. Henta 7. november 2020. 
  3. Nordlys. (1996, 7. november). Ingvild Broch æresdoktor. Side 5. Henta frå Nasjonalbiblioteket
  4. Seljeseth, Geir. (1999, 22. september). Gullkantet russisk-kunnskap. Nordlys, s. 30. Henta frå Nasjonalbiblioteket.
  5. Lindvåg, Kjellaug. (1986, 13. september). Soppens kulturhistorie blir bok. Nordlys, s. 7. Henta frå Nasjonalbiblioteket.