InnoTown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

InnoTown er ein konferanse for næringslivet som årleg finn stad i Ålesund. Konferansen fokuserer på innovasjon, idéskaping, strategi og design. Blant tidlegare foredragshaldarar på InnoTown-konferansen er fotografen Oliviero Toscani, Torgrim Eggen, Einar Johan Hareide, Brita Møystad Engseth, Edward deBono, verdas første sivile astronaut, Michael Melvill, og leiarar frå verksemder som Swatch, Nokia og Volvo.

InnoTown er eit privat selskap, grunnlagd i 1998/1999 av Dag Lausund og Cecilie With. Anita Osnes slutta seg til selskapet i 2005. Selskapet samarbeider med Innovasjon Norge om å arrangere den årlege konferansen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]